– Vi har fått mange forslag til kven som bør bli nominert til desse prisane. No har ein jury plukka ut finalistane til både årets artist og årets nykommar. Det har vore eit gledeleg og stort engasjement, seier prosjektleiar for Luttprisen Stian Sjursen Takle.
Stort show
For å levere di røyst plukkar du ut din favoritt i dei to røystelistene under, og klikkar røyst. Du kan bestemme om du vil røyste i begge kategoriar, eller berre på ein av dei. Du kan berre røyste ein gong i døgnet i kvar kategori. Siste frist for å levere røysta di er søndag 12. januar 2020.
Luttprisane er stipend på 25.000 kroner frå eigarstiftingane til Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane.
Utdelinga skjer under eit stort musikkshow på den store Blestfestivalen direkte frå Larris Scene i Førde laurdag 18. januar. Prisutdelinga vert sendt direkte på radio i Sogn og Fjordane, og på nett-tv i Firda, Firda Tidend, Sogn Avis og Fjordenes Tidende.
Første bakompris
For 2019 skal det også delast ut ein eigen bakompris til nokon som har gjort ein ekstra innsats for musikklivet i regionen. Det kan mellom anna vere ein festival, produsent, person, lydprodusent eller ein arrangør. Finalistane til denne prisen vert presentert seinare.
Årets artist
Dei nominerte til årets artist er Jackbow, Eva Weel Skram, Line Dybedal, Erlend Apneseth, Stockhaus, Kjartan Lauritzen, Karl Seglem, Sjur, Vilde og Anna, Martin Tungevaag, Sofia og Steinar Engelbrektson.
- Les også:
Årets nykommar
Dei nominerte til årets nykommar er Vilnes, Vilde Torheim Skjerdal (MayRahKee), Matteus H, Sindre Steig, Sissel Marie, Lakeshouse, Andrea Santiago, Alice Hugøy, Selvik, Vêrfast, Grand Alpaca (Alexander Hoddevik) og Siri Byrkjedal.
NYKOMMAR: Andrea Santiago frå Måløy er blant dei nominerte til årets nykommar under Luttprisen.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKStor musikkhelg
I tillegg til Luttprisen skal mange nye artistar frå Sogn og Fjordane få vise seg fram under festivalen. Det vert småkonsertar med blant anna Maren, Sissel Marie, Gold Celeste, I see Rivers, Grand Alpaca, MayRahKee, Siri Byrkjedal og White Man Dancing i løpet. Det vert også ein eigen del av festivalen, Knøtteblest, som vert laga spesielt for familiar.
- Les også:
- Sjå også:
DIREKTE: Musikkshow med artistar som Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna, Elida Høgalmen og Andrea Santiago. Programleiar er Ronny Brede Aase. Sendt frå den nye Larris Scene i Førde.