Hopp til innhold

Nordfjord-trio med verdspremiere

Nordfjord-trioen Sofia Hyttedalen, Aleks Grey og Sjur framførte låten Away for aller første gong under Luttprisen laurdag kveld.

Nordfjord-trioen Sofia Hyttedalen, Aleks Grey og Sjur framførte låta Away for aller første gong under Luttprisen 2018 som blei arrangert på Larris Scene i Førde laurdag kveld.

GOD STEMNING: Publikum likte den heilt ferske låten som blei framført for aller første gong.

Luttprisen 2018 blei arrangert på Larris Scene i Førde, og mange artistar frå Sogn og Fjordane stod på scena. Nokre av dei kan du sjå i opptak her.

Sofia Hyttedalen, Aleks Grey og Sjur hadde slått seg saman og framførte ein heilt ny låt, som faktisk ikkje var ferdig før natt til laurdag.

Bli med heim-songen

10 år gamle Karoline Løken-Nesthun stod på scena med Line Dybedal og Førde kyrkjes jentekor. Dei song «Bli med heim» som er skriven av Dybedal, og som er tittellåten til Barne-TV-serien med same namn.

Karoline Løken-Nesthun og Line Dybedal song "Bli med heim" under Luttprisen 2018 frå Larris Scene i Førde. Songen er tittellåta til Barne-TV-serien med same namn. Også Førde kyrkjes jentekor var med på scena.

LUTTPRISEN: Karoline Løken-Nesthun og Line Dybedal saman med Førde kyrkjes jentekor

Luttprisvinnar Hjelmeland

Rett etter å ha blitt tildelt Luttprisen stod Thea Hjelmeland sjølv på scena og song tre av sine eigne songar. Mellom anna gjorde ho «Breathe.»

Luttprisen 2018 på Larris Scene i Førde.

Luttprisen 2018 på Larris Scene i Førde.

Frida Hunshammer

Frida Hunshammer frå Årdal var ein av artistane under Luttprisen. Ho har drive med musikk i mange år og har tidlegare vore med i The Voice på TV2.

Frida Hunshammer var ein av artistane under Luttprisen 2018 på Larris Scene i Førde.

LUTTPRISEN: Frida Hunshammer frå Årdal

Jackbow

Dei unge rockarane i bandet Jackbow frå Eid blei blei kåra til årets nykommar under showet. Dei fekk prisen etter ein konkurranse med tre andre band frå Sogn og Fjordane på Larris scene fredag kveld

Dei unge rockarane i bandet Jackbow frå Eidvart blei kåra til årets nykommar under showet. Dei fekk prisen etter ein konkurranse med tre andre band frå Sogn og Fjordane på Larris scene fredag kveld

LUTTPRISEN: Jackbow frå Eid

Odd-Erik Lothe

Odd-Erik Lothe frå Kjølsdalen i Eid oppsummerte karrieren sin med ei samleplate i 2018. Men han gav også ut ny musikk som «Rust.» Den framførte han frå Scena under Luttprisen saman med bandet Mighty Magnolias.

Luttprisen 2018 på Larris Scene i Førde.

Luttprisen 2018 på Larris Scene i Førde.

Sjå Luttprisen vert utdelt

Luttprisen 2018 vart tildelt Thea Hjelmeland. Sjå utdelinga av prisen frå showet her.

Videoane er produsert av ArtSys Solutions, og lyden er det OnCue som har hatt ansvaret for.