Hopp til innhold

Desse appane bør du som mor og far vite om

FØRDE (NRK): Veit du kva Tellonym, Jodel og Yubo er? Det veit garantert borna dine.

BRUK AV APP: Fleire mobilappar kan brukast til å sende anonyme meldingar og stadig fleire varslar om at dei blir hetsa. – Foreldre har hovudansvaret, seier Barnevakten.

– Det er ein falsk tryggleik å tru at ein kan vere heilt anonym og seie det ein vil. Norsk lov gjeld også på sosiale medium og på nett. Du kan bli meldt til politiet og spora, seier Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten.

Dei vanlegaste appane som born og unge brukar der ein kan vere anonym:

  • Jodel: Ein kan sende anonyme meldingar til alle innanfor ein 10 km radius.
  • Tellonym: Omtala som «den mest ærlege appen på internett». Ein opprettar brukar, og folk sender anonyme spørsmål og meldingar.
  • Yubo: Eit sosialt medium der ein lagar ein konto og sveipar til høgre om ein vil chatte med nokon, og til venstre om ein vil passere.

Enklare å seie stygge ting

– Sidan ein ikkje ser reaksjonen, så er det mykje lettare å seie noko stygt på nett enn å seie det rett framfor nokon, seier tiandeklasseelev på Førde ungdomsskule, Nikolai H. Helleseth.

Han trekkjer fram Jodel som ein av appane dei ser mest mobbing på. Også Tellonym er utbreidd.

Elevar på Førde ungdomsskule

UFINT MED NETTMOBBING: Dei fire tiandeklassingane tykkjer det er teit å sende anonym hets til andre. F.v. Benedikte Tveit (15), Martine Husabø Nygjerde (15), Nikolai H. Helleseth (15) og Shem Fesehazion (15).

Foto: Elise Kvien

Tiandeklassingane har høyrt om, og sett tilfelle der kjenningar har fått stygge, anonyme meldingar.

– Du får ikkje noko kommentarar tilbake om at du er slem fordi du skriv noko, seier Martine Husabø Nygjerde.

Stressa ungdom

Foreldre kjøper vaksenspel til barna

FAGLEG LEIAR: Kjellaug Tonheim Tønnesen er fagleg leiar i Barnevakten.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Me opplever at ungdom i dag stressar med desse appane. Mange føler dei må vere der for å følgje med på kva som blir sagt om dei og om dei blir baksnakka, seier Tønnesen.

Ho fortel det kan bli ein stressfaktor sjølv om ein ikkje brukar appane aktivt sjølve.

Ifølgje barn og medium-undersøkinga for 2018 brukar ni av ti born og unge eitt eller fleire sosiale medium. Frå jenter og gutar 12- til 13-årsalderen brukar nær alle sosiale medium.

Foreldre har hovudansvar

– Det finst jo også mobbing på dei vanlege appane som Snapchat og Instagram. Eg tenkjer at me som foreldre må snakke med ungane om bruk, rettar og forpliktingar. Foreldre har hovudansvar for all ferdsel på internett, fortel Tønnesen.

Ho fortel at ein burde be borna ikkje skal laste ned enkelte appar. Ein kan også gjere slik at nedlasting av appar må godkjennast.

Hans-Petter Nygård-Hansen

MEIR PÅ: Hans-Petter Nygård-Hansen meiner det er viktig at vaksne snakkar med borna sine om korleis ulike appar blir brukte.

Foto: Ingar Næss

Programleiar i mediepodkasten MediaPuls, Hans-Petter Nygård-Hansen, trur ein må vere veldig interessert for å følgje med på kva appar born og unge brukar.

– Er ein ikkje oppdatert og følgjer med på kva som rører på seg i app-butikkane, så vil ein alltid vere på etterskot i utviklinga. Når media skriv om noko, så er ofte appane langt oppe på brukskurva, seier han.

Elevane på Førde ungdomsskule tykkjer det er bra om foreldre passar på og følgjer med. Dei trur det kan førebygge mobbing på nett.

– Det er viktig at foreldra held seg oppdatert på appar som kjem, for då veit dei meir kva dei burde vere obs på dersom nokon av oss blir mobba på nett, avslutta dei