Hopp til innhold

Departement krev full rapport frå krigssenter – skuldar halvannan million

Forsvarsdepartementet krev no full rapport frå Måløyraidsenteret som vart opna av kronprinsen i august i fjor. Senteret skuldar mykje pengar, har sagt opp den daglege leiaren og blir granska.

Kronprins Haakon åpner Måløyraid Senteret

HØGTIDLEG OPNING: Kronprins Haakon stod for den høgtidlege opninga av Måløyraidsenteret i august i fjor. T.h. styreleiar Helge Hjelle som ikkje vil kommentere dei økonomiske problema ved senteret.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Forsvarsdepartementet kan krevje innsyn i rekneskapen for tildelte midlar for å kontrollere at midlane blir nytta etter føresetnadene. Vi vil no be om full rapport for dei tildelte midlane, skriv statssekretær Tone Skogen i Forsvarsdepartementet i ein e-post til NRK.

– Måløyraidsenteret har vorte fantastisk bra og har ei viktig historie å ta vare på. Det er veldig uheldig dersom ein ikkje greier å få drifta til å gå, seier Kristin Maurstad (Ap), ordførar i Vågsøy.

NRK har gjentekne gonger prøvd å få styreleiaren ved Måløyraidsenteret, Helge Hjelle, i tale. Då NRK sin journalist ringde og presenterte seg la styreleiaren på telefonen. Etter det har han ikkje svart på våre anrop, og heller ikkje på tektsmelding eller e-post.

Det var pomp, prakt, mykje folk og stor stemning då sjølvaste kronprins Haakon stod for opninga av Måløyraidsenteret for eit knapt halvår sidan. Også statssekretær Skogen var til stades under den høgtidlege opninga av senteret som heidrar kaptein Martin Linge.

Den kjende krigshelten Linge og kompaniet av norske soldatar han styrte angreip saman med engelske styrkar tyske stillingar i Måløy 27. desember 1941. Linge mista sjølv livet under Måløyraidet.

Dagleg leiar fekk sparken

Sidan opninga i august i fjor har det dukka opp fleire utfordringar. Det viser seg at Måløyraidsenteret slit med store økonomiske utfordringar og skal ha ubetalte rekningar for 1,5 millionar kroner liggjande.

Den daglege leiaren ved senteret vart først sjukmeld, så oppsagt. Den oppsagde daglege leiaren vil ikkje uttale seg til media, men NRK er kjent at vedkomande har søkt juridisk bistand etter å ha følt seg dårleg behandla.

Kommunepolitikarane i Vågsøy, som har gått inn med store summar i senteret, er svært uroa over situasjonen. Før jul sende kommunen ei uromelding til Lotteri- og stiftingstilsynet som no har starta gransking av senteret.

Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap)

UHELDiG: Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad seier at det er uheldig dersom Måløyraidsenteret ikkje klarar å få drifta til å gå.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Styreleiar nektar å uttale seg

Ifølgje Måløyraidsenteret sitt eige budsjett har det kosta 8,8 millionar kroner å realisere senteret, som er lokalisert i det gamle kommunehuset Heradsheimen i Måløy.

Senteret er finansiert gjennom eit spleiselag der mellom andre Forsvarsdepartementet har gått inn med 3,3 millionar, Kulturdepartementet 2 millionar og Vågsøy kommune 1,3 millionar. Kulturdepartementet har også forplikta seg til å gå inn med 600.000 i årleg driftsstøtte.

Helge Hjelle

STYRELEIAR: Helge Hjelle er styreleiar ved Måløyraidsenteret, men har ikkje svart på spørsmåla frå NRK.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Overraska over økonomiske problem

Forsvarsdepartementet var ikkje kjend med dei økonomiske problema ved Måløyraidsenteret.

– Vi har munnleg fått opplyst at besøkstalet ved senteret har vore godt sidan opninga, skriv statssekretær Tone Skogen på e-post. Ho viser vidare til dei offisielle rekneskapstala som viser eit lite overskot for 2017.

På spørsmål om kva Forsvarsdepartementet vil gjere vidare i saka, svarar statssekretæren at dei, i tillegg til å be om full rapport frå senteret, vil vente på Lotteri- og stiftingstilsynet sine vurderingar i saka. Stiftingstilsynet har tidlege opplyst at dei har saka til vurdering og at det kan ta tid før dei endelege konklusjonane er klare.

– Forsvarsdepartementet kan etablere innkrevjingsrutinar som sikrar tilbakebetaling dersom tilhøva i saka skulle tilseie det, skriv statssekretæren på e-post. Ho legg til at Forsvarsdepartementet ikkje har planlagt å gje ytterlegare tilskot til Måløyraidsenteret.

– Alvorleg

Ingen frå Kulturdepartementet vil stille til intervju, men frå kommunikasjonsavdelinga svarar dei mellom anna følgjande:

–Store negative avvik mellom tilgjengelege midlar og økonomisk resultat er alltid alvorleg. Slike situasjonar krev ei forklaring, og løysingar for å ordna opp i situasjonen.

– Kva vil Kulturdepartementet gjere i denne saka?

– Det statlege tilskotet til drift av Måløyraidsenteret er kanalisert gjennom Musea i Sogn og Fjordane. Vi legg til grunn at museet i samarbeid med Vågsøy kommune og Måløyraidsenteret finn ei løysing som kan tryggja vidare formidling av denne historisk viktige krigshendinga frå 1941.