Hopp til innhold

Opna av kronprinsen i august – no blir prestisjesenter granska

Måløyraidsenteret blei opna med brask, bram og ein snorklippande kronprins i august i fjor. No skuldar senteret mykje pengar, har sagt opp senterleiaren og blir granska av statleg tilsyn.

Kronprins Haakon åpner Måløyraid Senteret

HØGTIDELEG OPNING: Kronprins Haakon stod for den høgtidelege opninga av Måløyraidsenteret i august i fjor. T.h. styreleiar Helge Hjelle.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det er avisa Fjordenes Tidende som fortel at senteret til ære for Kompani Linge no er i trøbbel.

Formannskapet i Vågsøy kommune har fått opplyst at senteret har ubetalte rekningar på om lag 1,5 millionar kroner. Dei blir no granska av Stiftingstilsynet. Det stadfestar også styreleiar Helge Hjelle til avisa.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit stod for den høgtidlege opninga av senteret 23. august i fjor.

Senteret heidrar kaptein Martin Linge og kompaniet av norske soldatar han styrte. Linge mista sjølv livet i Måløyraidet i desember 1941.

Gjekk tom for pengar

– Gratulerer med dagen. Det ligg mange år med frivillig innsats bak dette senteret. Kronprinsessa og eg er glade for å vere her og dele dagen med dykk, sa kronprinsen til NRK då senteret blei opna.

Men no har pipa fått ein annan låt. Kommunen er uroa for økonomien til senteret og det var dei som bad det statlege tilsynet om å granske.

NRK har fått innsyn i eit dokument som syner at opningsfesten med kronprinsparet blei dobbel så dyr som budsjettert. 50.000 var sett av, sluttrekninga blei på 106.000 kroner.

Fekk ikkje dekka underskot

«Ville det ikke være på sin plass å spandere denne festen/folkefesten når en endelig igjen hadde fått kongelig besøk til Måløy.», skriv styreleiar Helge Hjelle i ein søknad til Vågsøy kommune.

Formannskapet ville ikkje vere med på å dekke summen og sa nei til søknaden frå Hjelle.

Lokalavisa fortel at senterleiaren blei sagt opp frå nyttår. Då var ho sjukemeld.

– Styret sa opp senterleiaren fordi vi på noverande tidspunkt manglar midlar til å løne ein person i hundre prosent stilling, seier Helge Hjelle, til Fjordenes Tidende.

Då NRK snakkar med Helge Hjelle i nitida tysdag morgon er han alt anna enn blid. Han nektar å kommentere saka og legg på telefonen.

Heller ikkje nestleiar i styret, Lars Kjølen, vil kommentere opplysningane som kjem fram om økonomien til krigssenteret.

Stadfestar gransking

Liv Tystad i Stiftingstilsynet stadfestar at dei no har økonomien i senteret til vurdering.

– Vi skal vurdere om styret i Måløyraidsenteret held seg innanfor det forsvarlege eller ikkje, fortel Tystad og legg til at dei først og fremst skal rettleie stiftingar til å gjere ting rett, seier Tystad til Fjordenes Tidende.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, er på veg til landsstyremøte i Arbeidarpartiet i Oslo.

Ho skriv i ein SMS til NRK at ho førebels ikkje vil seie noko meir enn det ho har sagt til avisa.

– Eg håpar verkeleg at drifta går bra, slik at det flotte senteret kan gå i pluss og få utvikle seg vidare, seier ho til Fjordenes Tidende.