Hopp til innhold

Denne sms-en gjorde at Carl slapp ut av karantenehotellet

Hotellet var usikre på reglane og fekk ikkje tak i Helsedirektoratet. Då sende kona SMS til departementet for å få mannen heim.

KARANTENEHOTELL: 9. mai vart reglane for karantenehotell skjerpa til å omfatte alle reisande frå land utanfor EØS/Schengen. Tre dagar seinare kom kontrabeskjeden.

KARANTENEHOTELL: 9. mai vart reglane for karantenehotell skjerpa til å omfatte alle reisande frå land utanfor EØS/Schengen. Tre dagar seinare kom kontrabeskjeden.

Foto: Erle Aas / Scanpix

9. mai vart reglane for karantenehotell skjerpa til å omfatte alle reisande frå land utanfor EØS/Schengen. Medrekna reisande frå Storbritannia.

– For å avgrense risikoen for importsmitte, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Tre dagar seinare kom kontrabeskjeden. Reisande frå Storbritannia var unntatt frå innskjerpinga, og kunne gjennomføre karanteneperioden i eigen heim. Om reisa var «nødvendig». Det melde regjeringa i «revidert rundskriv».

– Det er viktig for norsk næringsliv at Storbritannia er i same kategori som andre EU/EØS-land, forklarte næringsminister Iselin Nybø (V).

Justeringa trådde i kraft klokka 12:00 torsdag 13. mai.

Høring i Stortinget om salg av Bergen Engines, Monica Mæland tar på seg munnbind

SLO KONTRA: 9. mai vart reglene for karantenehotell skjerpa til å omfatte alle reisande frå land utanfor EØS/Schengen. Tre dagar seinare kom kontrabeskjeden.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Men kva med dei som hadde kome frå Storbritannia mellom 9. og 13. mai, og allereie var sjekka inn på karantenehotell?

I denne gruppa finn vi Carl Martin Johan Allan Wållgren, som er sjømann og skipper på ein båt utanfor Liverpool.

Onsdag 12. mai landa han på Gardermoen og vart umiddelbart innlosjert ved Clarion Hotel i Ullensaker, seks minutt frå flyplassen.

Dagen etter stadfesta Monica Mæland i VG at det nye regelverket ville ha tilbakeverkande verknad.

Svaret følgde av paragrafane 4 og 5 i covid-19-forskrifta, som slår fast at «studentar og nødvendig reisande» er omfatta av unntaka frå hotell-regelen om dei kom til Noreg i løpet av dei siste 10 døgn.

– Ikkje ring på heilagdagen

Torsdag morgon, som var Kristi himmelfartsdag, var difor Carl klar med koffertane. Men nede i lobbyen var forvirringa stor.

– Dei tilsette på hotellet hadde fått beskjed om ikkje å ringe sjefen på heilagdagen, og turte til nauds å sende ein e-post for å høyre kva status var, og det var vanskeleg å vite kven som var ansvarleg for informasjon til de innlosjerte, seier Marte Wållgren, som er kona til Carl og jobba med å få han heim att.

Sylvia Aastad har ansvaret for innkvartering på karantenehotella rundt Gardermoen. Ho stadfester at møtet mellom regelendringa og Kristi himmelfartsdag gjorde det til «ein utfordrande dag».

Dels fordi lovtekster kan vere vanskelege å tolke, og dels fordi det er verre å få tak i folk på raude dagar.

For å få klårleik i kor vidt regelendringa hadde tilbakeverkande kraft tok ho fyrst kontakt med Helsedirektoratet («men dei hadde fridag») og sidan med Folkehelseinstituttet.

– Men svara lét vente på seg. Generelt gjeld det at vi gjerne kan få litt betre tid til å førebu oss på regelendringar, seier ho.

Kommunaldirektør for helsevern og sosial omsorg i Ullensaker kommune, Gunnhild Grimstad-Kirkeby, har tidlegare sagt til NRK at «det blir alltid litt innkøyringsproblem» når endringar i regelverket kjem tett og ofte.

Halv åtte på kvelden tok kona den metaforiske pennen fatt og sende ein SMS til kommunikasjonssjefen i Justis- og beredskapsdepartementet.

I mellomtida gjekk timane og tolmodet til Marte Wållgren var i ferd med å renne ut.

Halv åtte på kvelden tok ho den metaforiske pennen fatt og sende ein SMS til kommunikasjonssjefen i Justis- og beredskapsdepartementet.

«Beklagar å forstyrre deg på ein fridag, men eg har forsøkt heile dagen å kome i kontakt med nokon som kan hjelpe meg å tolke endringa i koronaforskrifta», skreiv ho.

Halv åtte på kvelden tok kona den metaforiske pennen fatt og sende ein SMS til kommunikasjonssjefen i Justis- og beredskapsdepartementet.

Rett over midnatt kom svaret frå kommunikasjonssjef Trude Larstad:

– Dei som har kome frå UK og no er på karantenehotell kan følgje dei nye reglene, skreiv ho.

Ho fortsette:

– Det betyr at dei kan forlate karantenehotellet dersom vilkåra for dette er oppfylt.

Til NRK seier Larstad at dei kunne ha kome spørsmålet om tilbakeverkande kraft meir i forkjøpet:

– I ettertid ser vi at vi kunne ha sendt ut ein pressemelding, men der og da valde vi å svare ut kvar enkelt førespurnad frå pressen.

Ekteparet Marte og Carl Martin Johan Allan Wållgren.

SJØMANN: Carl Martin Johan Allan Wållgren landa på Gardermoen onsdag 12. mai, men fekk ikkje møte kona Marte før to dagar seinare.

Foto: PRIVAT

Det vart kveld, og det vart morgon

For Carl kom meldinga uansett for seint. Døgeret hadde bikka midnatt og han hadde allereie lagt seg.

Men morgonen etter var han raskt av garde.

– Eg spratt opp for å kome fort heim til kona!

LES OGSÅ: Regjeringa snur om strenge innreisereglar.

Comfort Hotel Runway

UTFORDRANDE: Generelt gjeld det at vi gjerne kan få litt betre tid til å førebu oss på regelendringar, seier Sylvia Aastad, som har ansvaret for innkvartering på karantenehotella rundt Gardermoen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB