Hopp til innhold

Utvidar ordninga med karantenehotell – men utanrikstenesta går fri

Karantenehotellordninga vart denne veka utvida til å gjelde alle reisande frå land utanfor EØS. Men ikkje om du eller ektefellen din jobbar i utanrikstenesta.

Koronatest-stasjon Flesland

INGEN ER LIKARE ENN ANDRE: – Viruset skil ikkje på om du er i utanriksteneste eller ikkje, seier Mette Kalager.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Søndag vart den omstridde karantenehotellordninga utvida til å gjelde alle reisande frå land utanfor EØS/Schengen.

Tidlegare har ordninga vore avgrensa til reisande frå Bangladesh, Irak, India, Nepal og Pakistan.

– Sjølv om smitten er på veg ned i Noreg og i mange europeiske land, ser vi at det er ein alvorleg situasjon elles i verda, forklarte justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Ordninga gjeld uavhengig av formålet med reisa. Det finst likevel unntak.

Eitt av unntaka er personar i utanrikstenesta og deira husstandsmedlemmer.

Regjeringa skriv på sine nettsider at desse «reknast som busett i Noreg uavhengig av deira opphald i utlandet.»

Utenriksdepartementet har 101 utanriksstasjonar og tel om lag 2000 tilsette.

– Det er eit merkeleg unntak, seier Mette Kalager, lege og professor i gruppa Klinisk effektforsking ved Oslo universitetssjukehus og Universitetet i Oslo.

Frå et smittevernperspektiv gir det inga meining å skilje mellom ulike yrkesgrupper, seier ho:

– På same måte som viruset ikkje skil på nødvendig og unødvendig reise, skil heller ikkje viruset på om du er i utanriksteneste eller ikkje.

Covid-19-testsenteret i bagasjehallen ved ankomst Oslo Lufthavn.

OMSTRIDD: Ordninga med karantenehotell har vore omstridd sidan ho vart innført i november 2020.

Foto: Gunnar Bratthammer

– Ikkje først og fremst eit smitteverntiltak

Ordninga med karantenehotell har vore omstridd sidan ho vart innført i november 2020.

Før jul vart ho mjuka opp for å komme utanlandsstudentar, leigetakarar og andre som kunne opphalde seg på ein «eigna stad» i møte.

I ein kronikk i Aftenposten hevdar åtte juristar og legar at ordninga med karantenehotell også har ein moralsk dimensjon: «Karantenehotellet er ikkje først og fremst eit smitteverntiltak, men heller ein sanksjon for å sørge for at folk ikkje reiser til utlandet», skriv dei.

Kalager er blant dei som har underskrive brevet.

– Eg får ein ubehageleg følelse av at karantenehotella handlar meir om straff, og skal virke preventivt og hindre at folk reiser ut. Som eit slikt tiltak er karantenehotellet ikkje formålstenleg for utanrikstenesta. Dei skal jo også vere verksame under pandemien, seier ho til NRK.

Comfort Hotel Runway

BAKVENDT: Jurist Anna Nylund meiner det er bakvendt å utvide ordninga med karantenehotell rett før ordninga med koronasertifikat, som er venta i midten av juni.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Viruset spør ikkje etter arbeidsgivar

– Unntaket for utanriksteneste og forsvarspersonell, og innreisande diplomatar, introduserer spørsmål om dette verkeleg er av smittevernomsyn eller noko anna, seier Magnus Løberg, utdanningsleiar på Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo (UiO).

Plikta til å halde oppe seg på et karantenehotell følger av covid 19-forskrifta paragraf 5.

Det rettslege grunnlaget for forskrifta har vore heftig debattert, og ifølge eit rundskriv frå Justisdepartementet skal ikkje tvang brukast mot reisande som nektar å dra på hotell.

Samstundes heiter det at brot på smittevernreglane kan straffast med bøter eller fengsel opp til seks månader.

– Det vert spanande å sjå om desse innskjerpingane i forskrifta faktisk vert handheva, eller om praksisen med ikkje å ta ut tiltale mot dei som nektar å gjennomføre karantene på hotell held fram, seier Løberg.

  • Les meir: Så mange stikker av frå karantenehotell
    Anker hotell

    IKKJE TVANG: Ifølge eit rundskriv frå Justisdepartementet skal ikkje tvang brukast mot reisande som nektar å dra på hotell.

    Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Naturleg at nokre grupper får fritak

Anna Nylund er jurist og professor ved Noregs arktiske universitet (UiT). Ho meiner det er bakvendt å utvide ordninga med karantenehotell rett før ordninga med koronasertifikat, som er venta i midten av juni.

– Noreg er i utakt med resten av Europa. I dei fleste land går diskusjonen på korleis og under kva for føresetnader vi skal fjerne hindringar for innreise, seier ho.

Unntaket for utanrikstenesta synest ho er greitt:

– Det er naturleg at nokre grupper får fritak, og dei som jobbar i utanrikstenesta må kunne komme og gå ganske fritt.

Førre veke sende Helse- og omsorgsdepartementet ut forslag om forskriftsheimel for bruk av koronasertifikat. Høyringsfristen går ut onsdag 12. mai.

– Opphald på karantenehotell vil forsinke vaksineringen

Kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen svarer på vegner av Utenriksdepartementet.

Ho seier grunngjevinga for unntaket er «samansett», og minner om at folk i utanrikstenesta «ikkje reiser ut frå Noreg av personlege grunner».

– Mange land i verda er råka av langt større smittespreiing enn Noreg og Europa, og det lokale tilbodet av helsetenester er mange stader mangelfullt og nokre stader til dels fråverande. Personell utestasjonert på ein rekke utanriksstasjonar reiser derfor til Noreg for å få vaksine.

Ho seier det har vore medarbeidarar som har blitt evakuert med ambulansefly fordi lokalt helsevesen ikkje kunne gje tilstrekkeleg behandling.

– Vaksinering skjer så snart som mogeleg etter framkomst, og retur til tenestestaden så snart som mogeleg etter at vaksineringa er gjennomført. Opphald på karantenehotell vil vesentleg forsinke framdrifta i vaksineringa av utsende, og hemme drifta av utanriksstasjonane.

Karantenehotell ved Gardemoen.

IKKJE PERSONLEG: Utenriksdepartementet svarer at grunngjevinga for unntaket er «samansett» og folk i utanrikstenesta «ikkje reiser ut frå Noreg av personlege grunner».

Foto: Annika Byrde / NTB