Hopp til innhold

Denne ordføraren er historisk – Ap kuppa makta i jordbrukskommune

Etter 56 år må Senterpartiet gje frå seg klubba i Gloppen. For første gong kjem ordføraren frå Arbeidarpartiet.

Arnar Kvernevik (Ap) ny ordførar i Gloppen kommune.

FØRSTE PÅ 50 år: Arnar Kvernevik frå Arbeidarpartiet har brote hegemoniet til Senterpartiet i Gloppen kommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg får seie som Pippi Langstrømpe:

– Dette har eg aldri gjort før, så dette klarer eg sikkert, seier Arnar Kvernevik.

Den nye Ap-ordføraren har kuppa utstillingsvindauget til Senterpartiet.

I 56 år har Sp hatt ordførarvervet i Gloppen kommune. Men no er det over.

– Vi har gjort ein historisk avtale, seier Kvernevik.

Jan Ove Rygg (H) varaordførar og Arnar Kvernevik (Ap) ordførar Gloppen kommune.

Nye varaordførar Jan Ove Rygg (H) og ordførar Arnar Kvernevik (Ap) har funne saman og tatt makta til SP-bastionen i Gloppen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For det er saman med Høgre og KrF at Ap har kome til makta i Gloppen.

Mykje takka vere Sp sitt fall på 20 prosentpoeng.

Men det er ikkje berre på Vestlandet og i kommunane Gloppen, Sogndal og Aurland at Sp mistar ordførarkjeda.

I Nordland har det og vore ein kollaps der partiet kan miste 15 ordførarar.

Les også – Blir straffa for ting regjeringa har gjort

Ordfører Frank Johnsen (Sp) i Vågan kommune

Sp tilbake til normalen

Senterpartiet går ned over 10 prosentpoeng i heile 85 kommunar.

Partiet er tilbake på ein oppslutnad på 8,2 prosent nasjonalt etter brakvalet for fire år sidan.

– Med nøkterne auge kan ein seie at dette var eit normalval for partiet, seier valforskar Yngve Flo.

Senterpartiets oppslutning over tid

Grafen viser Senterpartiet oppslutning i de siste kommunevalgene, over hele landet samlet.

Nedgangen til Senterpartiet blir mykje forklart med korleis partiet har styrt i regjering.

Innføring av lakseskatten og elektrifisering av Melkøya har kosta.

– Senterpartiet har faktisk gjort eit ganske godt val sett i lys av korleis stemninga har vore dei siste månadane, meiner Flo.

Les også Sp mister to av tre velgere i hjemkommunen til partileder Vedum

Trygve Slagsvold Vedum forlater Ilseng samfunnshus på sykkel etter å ha avgitt sin stemme til kommunevalget 2023

– Dette har Senterpartiet lukkast med

For sjølv om bølga partiet har ridd på dei siste fire åra no er blitt skylt i land, er det nokre små lyspunkt.

I Stad kommune har partiet fått ordføraren for første gong.

– Det Ap og Sp har lukkast med i dette valet er å gjere valkampen mindre nasjonal og meir lokal, seier Flo og følg opp:

– Hadde dei ikkje klart det, trur eg talet hadde sett enda dårlegare ut.