Hopp til innhold

Denne laksen har rømt frå eit oppdrettsanlegg – men ingen veit kva for eit anlegg

Oppdrettarar frå Agder i sør til Sunnfjord i nord må no leige inn dykkarar for å finne om det er frå deira anlegg det har rømd oppdrettslaks dei siste dagane.

Oppdrettslaks funne i fjord september 2020.

OPPDRETTSLAKS: Slakteklar oppdrettslaks har blitt funne i fleire vassdrag og fjordar i Sogn og Fjordane dei siste dagane.

Foto: Fiskeridirektoratet

– Vi har kravd at ei rekkje oppdrettar hjelper til med å finne ut kvar den rømde laksen kjem frå, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, Leni-Marie Lisæter til NRK.

Frå kysten av Agder til ytre Sunnfjord har det dei siste dagane blitt fanga rømd oppdrettslaks. Men ingen veit førebels kvar den kjem ifrå.

– Vi ser alltid alvorleg på det når vi får inn tips om rømd oppdrettslaks som vi ikkje klarer å spore til noko spesiell hending, seier

Styresmaktene trur det er tilfeldig at det er oppdaga rømmingar både på Vestlandet og Sørlandet no. Fisken som er funne i sør er mindre enn fisken i vest.

I Ytre Sogn og Sunnfjord er det funne oppdrettslaks på 3-5 kilo, det som blir kalla slaktevekt. I Agder er fisken 1-2 kilo.

– Det er veldig vanskeleg å seie kvar desse rømmingane kjem ifrå. Det er ei betydeleg rømming. seier Lisæter i Fiskeridirektoratet.

Ho opppmodar sterkt om at funn av oppdrettslaks i elvar og fjordar i dagane framover blir rapportert inn til direktoratet.

Fiskeridirektoratet har no gitt beskjed til alle oppdrettarar i dei ulike områda om å sjekke anlegga sine.

I desse områda er det fanga rømd oppdrettslaks no:

Agder:

  • Åna-Sira
  • Kvina
  • Sokna

Sogn:

  • Vadheimsfjorden
  • Høyangsfjorden
  • Solund

Sunnfjord:

  • Gaula
  • Nausta
  • Jølstra

Hittil i 2020 har fått 23 rapportar om rømmingar frå oppdrettarar på om lag 31 000 laks. i 2019 blei det registrert at 290.000 laks og 2000 regnbogeaure rømde frå norske oppdrettsanlegg.