Denne gjengen er meir utsette for å bli einsame enn medelevane

NORDFJORDEID (NRK): – Det er eit stort steg, vedgår Beate Honningsvåg frå Stadlandet.

Årest hybelbuarar i 1STA ved Eid vgs.

HYBELBUARAR: Årets hybelbuarar i 1 STA ved Eid vidaregåande skule. Framme: Daria Stadnichenko, Marthe Thelen Sjåstad, Beate Honningsvåg, Vanja Marie Berntsen og Elisabeth Lekanger Nygård. Bak: Kristine Engebretsen Kvamme, Bendik Stokland og Amanda Celine Hoddevik.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Mange ungdomar står no midt i ein første smak på det å stå på eigne bein – utan ein mamma eller pappa som får ein opp av senga eller diskar opp med middag.

– Det er litt skummelt, fordi alt er så nytt. Du reiser heimanfrå og saknar familien litt. Og så er det rart, fordi du gjer alt på ein ny måte, seier Beate Honningsvåg.

Bur med vener

Ho er ikkje den einaste som har gått rundt med sommarfuglar i magen. Over det ganske land har tusenvis av ungdomar flytta heimanfrå for å byrje på vidaregåande skule.

Til hennar hell, deler Honningsvåg hybel med to vener frå heimbygda Stadlandet, vel timen unna Nordfjordeid og Eid vidaregåande skule.

– Det hadde nok vore mykje skumlare å budd åleine på hybel, utan nokon å støtte seg på. Vi kjenner kvarandre, men for nokon som bur åleine og ikkje kjenner nokon, så vil eg tru at det kan vere skummelt og einsamt, seier ho.

– Det blir tøft for ein del

Det er ei skildring helsesøster Hilde Hoddevik kjenner att. Tre dagar i veka kan elevar komme til henne med ulike problemstillingar.

Hoddevik samarbeider også tett med skulen for å fange opp dei som kan oppleve det som problematisk å bu på hybel.

– Det er ein overgang å flytte på hybel. Mange gler seg veldig, men så blir det tøft for ein del. Dei lengtar heim, kan vere urolege og det var kanskje ikkje så lett å flytte heimanfrå og vere sjølvstendig som ein tenkte, seier ho.

– Gode dialogar

Helsesøster Hilde hoddevik ved Eid vgs.

HELSESØSTER: Hilde Hoddevik vil ikkje vere kategorisk om det å flytte på hybel første året på vidaregåande skule. – Men enkelte har større utfordringar enn andre med å bu åleine, så det er heilt sikkert at ein må vere ekstra obs på førsteårselevar, seier ho.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er ikkje berre seksualproblematikk som blir diskutert på kontoret hennar. Psykisk helse, store forventingar til seg sjølve, karakterar og det å vere vellukka går ofte att.

– Mange har det vanskeleg. Det kan vere rus, vald og vanskelege relasjonar. Det er tøffe tema, men vi får stort sett god dialog, samtalar og samarbeid, seier Hoddevik.

Veninnene frå Stadlandet har på førehand snakka om forventingane til det nye livet som hybelbuarar. Dei passar på kvarandre, men er også klar over at andre kanskje ikkje har det like lett.

– Mange kjenner seg sikkert einsame når dei kjem til ny skule, ikkje kjenner nokon og skal komme inn i fellesskapen, seier Elisabeth Lekanger Nygård.

I risikosona

Miljøkoordinator Hilde Grimstad Nord ved Eid vgs

MILJØKOORDINATOR: Eid vidaregåande skule har årleg kring 100 hybelbuarar. Dei er med i prosjektet Draumeskulen, der eldre elevar får spesielt ansvar for å følgje opp førsteklassingane. – Der jobbar vi strukturert og systematisk med det psykososiale miljøet, seier miljøkoordinator Hilde Grimstad Nord.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Miljøkoordinator Hilde Grimstad Nord seier at skulen har spesielt fokus på førsteårselevane som bur på hybel.

– Dei er i risikosona for å bli meir einsame enn andre elevar, seier ho og legg til at eit tiltak frå skulen si side er både gratis middag og open skule for alle elevane.

– Elevar som ikkje har noko nettverk blir ofte sitjande på hybelen. Vi prøver å fange opp desse, og få dei inn i aktivt miljø på skulen og elles i Eid, seier ho.