«Noregs brattaste veg» blir stengt for all framtid

Tiår med masseturisme har øydelagt den stupbratte attraksjonen.

Stalheimskleiva i Voss herad

STALHEIMSKLEIVA: Den spektakulære vegen opp til Stalheim hotell i Voss herad har vore eit ynda reisemål i lang tid. No er det slutt.

Foto: Alamy Stock Photo

Den gamle og stupbratte riksvegen ved E16 i Voss herad har i mange år vore ein populær turistdestinasjon.

Vegen har vore vinterstengd, men om sommaren har busslass etter busslass tatt fatt på dei 13 hårnålssvingane som slyngjer seg mellom to fossar, fleire hundre meter over Nærøydalen.

Den berykta Stalheimskleiva er ein del av norsk reiselivs mest populære rundturar: Norway in a nutshell.

Men no er det slutt for godt.

– Det blir ikkje opna for trafikk av køyretøy ned Stalheimskleiva. Me ser at også lettare minibussar og små privatbilar vil verta ein for stor påkjenning på veganlegget, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Buss køyrer opp Stalheimskleiva

SPEKTAKULÆRT: Vegen har vore kjend som Noregs brattaste veg i mange år, og hadde hyppig busstrafikk med turistar i mange år.

Foto: Svein Ulvund

170 år gamal veg

I fjor sommar stengde turistvegen på grunn av ras.

Då vedtok Vegvesenet å senka maksimum tillate aksellast på køyretøy til 6 tonn. Det medførte forbod mot større køyretøy, som turbussar, men minibussar og privatbilar ville framleis kunne køyre ned den stupbratte vegen.

Sidan den gong har det omfattande rehabiliteringsarbeidet heldt fram i det 170 år gamle veganlegget.

No viser det seg at skadane er langt meir alvorlege.

– Heller ikkje ein liten bil får lov å ta seg ned desse hårnålssvingane?

– Nei, vår vurdering er at skadane er så store at me er redde for nye utsklidingar av murane.

Svenn Egil Finden, Statens vegvesen

VEGSJEF: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Statens vegvesen ventar på ein siste geoteknisk rapport før dei set i gang det formelle arbeidet med å stenga vegen for køyretøy.

Rapporten slår truleg fast at vegen ikkje vil tola belastninga til og med moderat trafikk medfører.

– Stalheimskleiva er ikkje bygd for den typen trafikk som har gått der no i mange, mange år. No er det på tide å ta vare på det unike produktet som Stalheimskleiva er, seier avdelingsdirektør Finden.

Ødelagt mur i Stalheimskleiva

RASA UT: Deler av denne muren rasa ut under ei ulukke i fjor haust. No er denne og fleire andre svingar under rehabilitering.

Foto: Arne Hofseth

– Vi mister ein attraksjon

– Det blir å fjerne ein attraksjon som Vestlandet har hatt, seier administrerande direktør i Fjord Tours, Kristian Jørgensen.

Selskapet står på bak «Norway in a nutshell».

– Stalheimskleiva har alltid vore ein spanande del av opplevinga til Norway in a nutshell, så å miste den er dumt.

Likevel har han forståing for avgjerda til Vegvesenet.

– Sikkerheit må kome først, så vi er nok kome dit at vegen er for sliten og gammal til å tole måten den er blitt brukt på.

Den bratte veien Stalheimskleivane i Voss herad, arm av E16, skadet med deler av veien rast ut

Slik ser det ut i dag etter ulukka og ein gravetabbe i 2020.

Foto: Arne Hofseth

Vil berre ha gåande

Finden trur reiselivet vil kunna finna ein betre måta å visa turistane vegen og utsikta på.

– Det har gått litt i same tralten med Kleiva dei siste tiåra. Det har mangla på utsikt, og med unntak av at det er bratt å køyra, har ikkje turistane fått med seg noko.

No blir det opp til styresmaktene og reiselivet å finne nye måtar å vise fram naturen og byggverket som Kleiva har å by på.

– No kan ein få fram eit produkt der ein ser dei arkitektoniske og tekniske løysingar som er brukt, seier Finden, og forklarar:

– Vi kan stenge for køyrande, og berre tillate gåande og spesialkøyretøy for eldre og rørslehemma til dømes, slik at dei også kan oppleve Stalheimskleiva.

Direktøren i Fjord Tours har tru på nye turistopplevingar når vegen no vert stengd.

– No når konklusjonen er klar vil me sjå på korleis me eventuelt kan oppleva dette på ein annan, spanande måte. Eller om det er andre ting me kan oppleva på denne strekninga, seier Jørgensen.