Hopp til innhold

Populær turistveg kan bli stengt for store bussar: – Katastrofe, seier hotelleigar

Ein av dei mest populære turistvegane i Noreg kan verte stengd for store turistbussar. Torsdag raste ein gravemaskin utfor.

Ein av dei mest populære turistvegane i Noreg kan verte stengd for store turistbussar. I går sklei vegen ut og ei gravemaskin hamna utfor ein bratt skrent.

BYGD FOR ANNA TRAFIKK: – Det er ein gammal veg, og det er klart at vegen var bygd for anna trafikk enn det vi har i dag, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Brynjulv Eide

Turistvegen i Stalheimskleiva har vore stengd i sommar etter at Vegvesenet oppdaga at vegen kan gi etter, noko dei no er i ferd med å utbetre.

Torsdag losna grunnen under vekta frå ein gravemaskin, som raste utfor.

Føraren blei berga ut av ein brannmann som firte seg ned i tau.

Den 1,5 kilometer lange vegen vart bygt på midten av 1800-talet og snor seg oppover fjellsida frå Nærøydalen i Aurland til Stalheim i Voss.

Med sine 13 hårnålssvingar vert dette rekna som ein av Nord-Europas brattaste vegar.

Ingeniørkunsten, det ville fjordlandskapet og den storslegne utsikta frå hotellet på toppen har fått både kongelege og turistar frå heile verda til å valfarte hit.

Varslar restriksjonar

No varslar Svenn Egil Finden at det kan bli aktuelt å stenge vegen for større turistbussar og tyngre køyretøy.

Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen, som har ansvar for vegen.

– Det er ein gammal veg, og det er klart at vegen var bygd for anna trafikk enn det vi har i dag. Den toler ikkje denne typen trafikk med så store og tunge køyretøy som det har vore i det siste.

Svenn Egil Finden

VURDERER RESTRIKSJONAR: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det får hotelleigar i Gudvangen, Olav Hylland, til å reagere.

– Det vil vere ei katastrofe, seier han, og viser til at Stalheimskleiva er «eitt av høgdepunkta for cruiseturistane som kjem hit».

Han forstår at tryggleiken kjem i første rekke, men spør seg om kortsiktige økonomiske omsyn også speler inn.

– Dei må kunne klare å ruste opp vegen slik at den toler buss og større køyretøy. Det er ein enorm etterspurnad for å køyre «Kleivi».

Vegvesenet, Voss kommune og reiselivsnæringa skal neste veke diskutere korleis vegen kan brukast i framtida.

Dagleg leiar på Stalheim Hotel, Ingrid Tønneberg, som held til på toppen av Stalheimskleiva ønskjer ikkje å kommentere saka før etter møtet på onsdag.

Olav Hylland

KRITISK: Hotelleigar Olav Hylland i Gudvangen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Turistvegane er trygge

Stalheimskleiva er også eit freda kulturminne. Det gjer at oppryddingsarbeidet etter ulykka torsdag tek tid.

– Dette må planleggast godt slik at vi gjer minst mogeleg skade, seier avdelingsdirektør Finden.

Han forsikrar at turistvegane blir sett til med jamne mellomrom.

– Vi overvakar vegane, og dersom vi ser at det er skade som kan utvikle seg blir det gjort tiltak, seier han.

Stalheimskleiva og Nærøydalen før 1900

SPEKTAKULÆRT: Slik vart vegen ned Stalheimskleiva til Nærøydalen selt til turistane i farne tider.