Del fiskeeventyret ditt med fleire!

Natt til fredag starta laksefisket i ei rekkje elvar i Sogn og Fjordane. Send oss video og bilete, og du kan vinne gåvekort på fiskeutstyr.

Endeleg var ventetida over for dei mange fiskeinteresserte. Natt til fredag starta årets laksefiske i dei lokale elvane.

Får du sjølv fangst, eller er du til stades og får oppleve nokon lande ein ekstra feit laks?

Fiskehistorier er ofte gode historier, og noko som vil gle fleire å få ta del i. Difor vil NRK.no gjerne at du sender inn bilete og fortel litt om det du har opplevd. Aller helst ønskjer vi oss video.

Har du med deg kamera eller smarttelefon kan du sende filene dine på e-post til sf@nrk.no eller på MMS til 1987 med kodeord SF.

LES SAKENE FRÅ FJORÅRETS FISKE:

Like over helga trekkjer vi ut ein vinnar, som får eit gåvekort på fiskeutstyr til ein verdi av 2500 kroner. Bilete og video vil kunne bli brukt i biletgalleri og i redaksjonell samanheng.