Hopp til innhold

Har aldri hatt betre laksefiske

I fjor vart det sett ny fangstrekord i Flekkeelva i Fjaler. Den første natta tyder på at rekorden kan bli smadra – allereie.

Håkon Huseklepp med nattas fangst

FANGSTEN: Håkon Huseklepp med dei sju laksane han sikra seg i natt.

Foto: Privat

Laksefisket har starta på ein eventyrleg måte: Allereie etter fem minutt hadde Gunnar Olsmo ein laks på 15,5 kilo på kroken i Eidselva – og no kjem rapportane om at Flekkevassdraget aldri før har hatt ein så god start på laksefisket.

– Vi har hatt eit eventyrleg fiske i natt. Frå klokka 12.00 til klokka 09.00 fekk vi minst 40 fiskar på land, fortel Knut David Hustveit frå Flekke.

Aldri opplevd liknande

Hustveit organiserer fisket i Flekke og Guddal, og er i godt humør etter ei natt som overgår det meste han har opplevd innan fisking.

– Vi har teke meir enn nokon gong den første natta. Den største var på om lag ti kilo, og det har vore mange store fiskar, seier han.

– Eg har drive med dette i 25 år, men aldri før har eg fått så mange rapportar om fisk, seier Hustveit til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dette er ein av dei sju laksane
Foto: Privat

Høgt over fjorårets rekordar

Håkon Huseklepp er mellom fiskarane som har fått god fangst i løpet av natta.

– Eg har fått sju fiskar på land. Den største på ni kilo og den minste på fire kilo, seier han til firda.no .

Meldingane om godt laksefiske kjem også frå Eidselva og Gaula.

– Vi hadde ei god opning også i fjor, og då enda vi med rekordfangst. Så langt i år er det høgt over det, seier Hustveit.

I Flekkeelva vart det teke to fiskar på sju-åtte kilo berre i løpet av det første kvarteret av årets laksefiske. I Eidselva kom den første ruggen på 15,5 kilo på land før halvtimen var gått.

Gunnar Olsmo fekk laks på 15,5 kilo

GLAD LAKS: Gunnar Olsmo med ein rugg på 15,5 kilo teke i Eidselva.

Foto: Harald Kolseth / NRK