Hopp til innhold

- Laksefisket er eventyrleg

- På det første døgnet vart det landa kring 70 laks. Det er heilt eventyrleg, jublar Knut David Hustveit.

Årets laksefiske er godt i gang over heile fylket og dei første dagane har gjeve laksefiskarane gode stunder.

- Tidlegare har vi brukt å få kring 35 laks første døgnet. Allereie etter det vel første døgnet var vi oppe i 70. Det er heilt formidabelt. Eg har haldri opplevd slikt fiske i elva før. Eventyrleg, rapporterer Knut David Hustveit frå Flekkeelva.

Mykje storlaks

Allereie dei første åtte-ni timane av laksefisket vitna om ein solid start for fiskarane i Flekkeelva, med kring 40 landa laks.

Sidan har ikkje laksen slutta å bite.

  • Har du bilete frå laksefisket som du vil dele med lesarane? Send oss biletet på epost.

- Etter det eg har greidd å oppfatte her i Flekkeelva, så er det mykje laks på kring sju kilo og over. Den største var på over 12 kilo i øvre del av Flekkeelva, fortel Hustveit.

Ny rekord?

Ifølgje Hustveit viser fangstane i elva dei siste ti åra ein fantastisk auke med nye rekordar fleire år.

- I fjor var den beste sesongen nokon gong i nyare tid, med ein samla fangst på 1828 kilo, fortel Hustveit og trur god vasskvalitet som følgje av kalking, utsetting av yngel og rogn over ti år, samt god vassføring er årsak til det gode laksefisket.