Hopp til innhold

Beste laksefisket på fleire år

I 2011 vart det fiska 7053 laks i elvane i Sogn og Fjordane. Det gjer at året som snart er omme er eitt av dei beste lakseåra dei siste 20 åra.

Gunnar Olsmo fekk laks på 15,5 kilo

EIDSELVA: Gunnar Olsmo fekk ein av dei første laksane i 2011, ein rugg på 15,5 kilo. Dette var den største som vart teken i Eidselva.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fangsten utgjorde 30 686 kilo. Til saman vart det i 2010 fiska 5838 laks med ei samla vekt på 18 911 kilo.

Christian Platou med laks på sju kilo

Christian Platou fekk også napp i Eidselva i år. Denne laksen vog ni kilo.

Foto: Harald Kolseth (MMS-foto) / NRK

Sidan 1993 er det berre to år det er landa fleire laks. Det var i 2000 og 2005. Dei siste fem åra har det vore auke kvart år.

– Oppløftande

– Jau, det har vore ein bra sesong med oppløftande fangsttal, stadfestar leiar Svenn Morten Eikeset i Eid Sportsfiskarlag.

I Eidselva auka fangsten frå ca. 1500 kilo i 2010 til 2500 kilo i år. Den største laksen vart teken tidleg i sesongen av Gunnar Olsmo. Den vog 15,5 kilo.

– Vi ser lyst på utsiktene for 2012- sesongen og. Vi har fått signal på at det ikkje blir lagt opp til endringar i fisket i elva frå styresmaktene si side, og det er vi nøgde med.

Mykje mellomstor laks

Det er godt innsig av mellomstor laks (3-7 kilo) som er hovudårsaka til det gode fisket i år. Laks i denne storleiken utgjorde over halvparten av fangsten.

Dei elvane som har hatt den mest positive utviklinga er Aurlandselvi, Eidselva, Gloppenelva, Jostedøla og Loelva. I andre elvar har det vore nedgang i fisket.

Ikkje all fangsten hamna i frysaren. 2031 av laksane som vart landa vart sette uti att.

Verre med sjøauren

Det var ein liten auke også i fisket av sjøaure i elvane. Men den auken var liten, og i historisk samanheng var fangsten på 3351 aurar på til saman 5279 kilo ikkje mykje å slå i bordet med. I 1973 vart det til samanlikning landa 12 200 kilo sjøaure.

Espen Olsen med ni kilos laks.

Årøyelvi i Sogndal hadde ikkje like positiv utvikling som Eidselva. Dette biletet er frå 2010, og det er fotballspelaren Espen Olsen som her har bytt ut fotballsko med stang.

Foto: Harald Stormoen

Sjølaksefisket drastisk redusert

I 2010 var laksefisket i sjøen i Sogn og Fjordane det dårlegaste nokon gong, og 2011 var ikkje stort betre. Viktigaste årsaka er at sesongen for kilenotfiske er innkorta. I år er det fanga ca. 2300 kilo laks i sjøen.

– Restriksjonane i sjølaksefisket er nok ein av grunnane til at det blir fiska meir i elvane, seier Svenn Morten Eikeset i Eid Sportsfiskelag.

Stabil andel oppdrettslaks

I Eidselva er rundt fem prosent av fangsten i sesongen oppdrettslaks. Det talet har halde seg stabilt dei siste åra. I år vart det fanga ein oppdrettslaks som vog 13,5 kilo i elva.

– Oppdrettslaksen går opp seinare på året enn villaksen. Vi hadde eit prøvefiske i haust, og der var det vel 30% oppdrettslaks. Heldigvis er det no mykje mindre regnbogeaure i Eidselva enn i fjor, seier Eikeset.