Hopp til innhold

Her må dei vente på kampen mot storlaksen

I natt starta laksefisket i elvar over heile landet. Men ikkje i «dronninga» av lakseelvane, Lærdalselvi.

Lasse Sælthun

LENGSEL: Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag må enn så lenge berre sjå laksen symje rundt i bassenget til Norsk Villakssenteret.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lærdalselvi er ei av 14 elvar i landet som er under behandling for lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Etter feilslåtte behandlingar håpar lakseeigarlaget i Lærdal at dei er inne i den siste tida med ei smitta elv.

– Det er klart at det hadde vore moro å prøvd å kaste uti etter ein laks, men ein må berre stålsette seg litt og vente til tida er moden for det, seier leiar i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun.

Kongen si andre «dronning»

Både Eric Clapton og kongen har landa laks der. Kongen skildra Lærdalselvi endåtil som si andre «dronning», men dei siste åra har det ikkje vore laksefiske i elva.

Årsaka er den alvorlege lakseparasitten som vart oppdaga på midten av 90-talet.

– Den tek jo livet av stort sett all yngel og småfisk. Når den årgangen blir borte, så går det berre ein veg. Det blir mindre og mindre fisk, fortel Sælthun.

22 tonn på det meste

– Det har truleg vore gyro i elva heile tida. Rett nok var det eit par år etter rotenonen at det ikkje vart påvist, men mest truleg så har gyroen vore der heile tida, legg han til.

Lasse Sælthun

FARLEG: – Den bit seg fast i skinnet, gjerne ved finnane, og bit seg inn til kjøtet. Så går det betennelse og sopp i det, fortel Lasse Sælthun om lakseparasitten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Frå å ha gjeve heile 22 tonn fangst enkelte år i glansdagane, talde elveeigarane i 2010 knappe 100 laks i heile Lærdalselvi. Den har vore behandla fleire gonger, utan hell.

No er den ei av 14 i landet som er under behandling. Ytterlegare 14 smitta elvar er planlagt behandla.

Tek lang tid

I teorien skal behandlinga vere ein kort prosess. Fagsjef i Norske Lakseelvar, Erik Sterud, seier at praksisen fortel noko heilt anna.

– Om du først lukkast med behandlinga, så er elva parasittfri etter ei veke. Men du bruker så lang tid på verifiseringa, for å vere heilt sikker på at fisk ikkje har overlevd og at parasitten ikkje har spreidd seg til fisken som reetablerer seg i elva, seier han.

Aluminiumssulfat

Sterud fortel at det har blitt forska mykje på ein ny behandlingsmetode, som ein mellom anna prøvar i Lærdalselvi.

– Eg går ut frå at dei brukar ei sur oppløysing av aluminiumsulfat. Det er i og for seg giftig for fisk, men ein har oppdaga at det er endå meir giftig for parasitten, seier fagsjefen.

Må vente

Enn så lenge må Sælthun og dei andre fiskeentusiastane vente nokre år til før dei igjen får lande laks frå Lærdalselvi.

  • LES OGSÅ:

– Ja, vi har vore skuffa eit par gonger før, men føler at dette er den grundigaste og mest bearbeidde behandlinga som har vore over denne toårsperioden. Så vi har godt håp no. Det er har vi, seier han.