Hopp til innhold

Monica avtalte loppemarknad med Christoffer – no har han vore sakna ei veke

AURLAND / ASKVOLL (NRK): Monica Finden avtalte med Christoffer Lysne Elgåen i kommunen om at dei kunne ha loppemarknad. No er han sakna og heile bygda samlar inn pengar til leitearbeidet.

Christoffer Lysne Elgåen er sakna. T.h. Monica Finden

LAPPAR TIL LEITING: Monica Finden og alle andre i Aurland bidrar på sin måte til leiteaksjonen etter den sakna 29-åringen Christoffer Lysne Elgåen.

Det fresar i lapperøyra Monica legg på takka i Aurland sentrum. Rundt ho gjer fleire seg klare til å delta i «baklukeloppis».

Men stemninga på vangen er ikkje slik den brukar å vere når folk samlast.

– Råkar oss alle

For ute på fjorden er mange andre i aksjon for å leite etter han som sa ja til at dei kunne ha loppemarknaden, Christoffer Lysne Elgåen (29).

Kommuneplanleggaren og brannmannen har vore sporlaust vekke sidan natt til førre laurdag. Alt tyder på at han ramla på fjorden.

– Dette er ei sak som råkar oss alle, seier Monica.

Då ho la ut på Facebook at ho ville steike lappar til inntekt for Røde Kors, gjekk det raskt.

– Folk byrja å vippse meg og vi har alt fått inn nær 80.000 kroner.

Pengane går uavkorta til leitinga etter Christoffer.

Laurdag blir det leita langs land og frå båtar eit stort område i Sogn.

– Søkeområdet er utvida til heile Sognefjorden. Folk som har fritidsbåtar og arbeidsbåtar må sjå om dei ser noko. Vi er veldig avhengige av å få hjelp frå alle for å finne, seier områdeleiar i Røde Kors, Ove Forthun.

Stian Madsen og Øyvind Undertun deltar i leitinga etter den sakna mannen i Askvoll.

LEITAR FOR FULLT: Stian Madsen og Øyvind Undertun er blant dei over 140 som deltek i leitinga etter den sakna mannen i Askvoll.

Foto: Linn Haug Eide / NRK

Djupt imponert over folk

Lenger nordvest i Sogn og Fjordane er svært mange engasjert i ein annan leiteaksjon denne helga.

Torsdag gjekk alarmen i Askvoll då ein krabbefiskaren Jarle Håvard Nikøy (36) ikkje kom heim til familien. Sidan har det vore leita dag og natt.

Ein av dei som er ute på sjøen i dag er Stian Madsen.

– Det føles godt å hjelpe. Det er ein jobb ein gjer fordi du bryr deg om det samfunnet du bur i og bryr deg om personar som du kjenner.

Aksjonsleiar for Røde Kors i Askvoll er Espen Rysjedal. Han er djupt imponert over den innsatsen dei frivillige legg ned.

– Oppmøtet er enormt. Vi har alltid eit håp om å finne den vi leitar etter i live. Men dessverre er det ikkje slik at ting går rett veg.

Ove Fortun, områdeleiar i Røde Kors.

IMPONERT: Ove Forthun har lang erfaring frå Røde Kors. I helga er han og mange andre frivillige på plass i Aurland.

Foto: Arne Veum / NRK

– Alle stiller opp

Både i Aurland og Askvoll er det svært sterke straumar i fjorden som kan føre eit menneske langt av garde.

Det gjer leitearbeidet ekstra vanskeleg. Det og kjensla du får når du leitar etter nokon du kjenner.

– Folk er prega, det er ei bygd der alle kjenner alle. Samtidig er det ein styrke. Alle stiller opp, seier Askvoll-lensmann Åge Løseth.

Inne i Sognefjorden er Monica Finden godt i gang med å selje lappar til alle som kjem forbi.

Samtidig plingar vipps-lyden på telefonen heile tida. Folk vil bidra med det dei kan.

– Bygdefolket ønskjer så sterkt at han skal bli funnen, avsluttar ho.

STORE LEITEOMRÅDE: Fjordstraumane gjer at leiteradiusen blir store og innsatsen omfattande i dei to leiteaksjonane.