Hopp til innhold

Leitar etter to unge menn: – Vi må ha håp, men tida spelar ikkje på lag

ASKVOLL/AURLAND (NRK): To unge menn er sakna på sjøen i kvar sin ende av Sogn og Fjordane. I helga skal om lag 200 menn og kvinner delta i leitinga.

Helge Follevåg om leiteaksjon i Askvoll.

STERKE KJENSLER: Brannmannen Helge Follevåg er ein av dei mange som deltek i leiteaksjonen i Askvoll.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi må ha håp, men tida spelar ikkje på lag, seier brannmann og frivillig leitemannskap i Askvoll, Helge Follevåg.

I Aurland har leitinga etter Christoffer Lysne Elgåen (29) halde på sidan natt til sist laurdag. Torsdag starta leitinga etter ein småbarnsfar i 30-åra i Askvoll. Fredag kveld gjekk søket over frå å vera ein redningsaksjon til å vera eit søk etter ein antatt omkomen person.

Store styrkar held trykket oppe på begge leiteaksjonane. To forsvinningar som råkar dei små bygdene hardt.

Her kjenner alle alle. Kjenslene er tunge å bere for alle dei som time etter time søker på sjøen og langs land.

Mannskap på "Simrad Buholmen" deltek i leitinga i Askvoll.

OMFATTANDE SØK: Mannskap på redningsskøyta "Simrad Buholmen" speidar utover fjorden fredag.

Foto: Redningsselskapet

– Det er heilt jævlig

I Aurland vil store styrkar frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp delta i leitinga frå laurdag morgon. Dei skulle uansett ha ei samøving, som no blei til ein skarp aksjon.

Dei får også hjelp av ein undervassubåt gjennom helga.

– Prioriteringa vår er å vere enda fleire folk ute til å søke i terrenget ned til fjorden og på fjorden for å følgje den fram og tilbake, seier politisjef i Aurland, Knut Arne Klingenberg.

Totalt vil om lag 200 menneske, kanskje enda fleire, delta i leiteaksjonane.

I Askvoll er Geir Sætren ein av dei frivillige. Han innrømmer at det er beintøft.

– Eg har aldri vore med på å leite etter folk på denne måten, eg synest det er heilt jævlig, rett og slett. Vi får gjere det vi kan gjere, seier han.

Kystvakta er med på leiteaksjon i Askvoll.

MANGE I AKSJON: Kystvaktskipet KV "Tor" i aksjon i Askvoll fredag.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Frivillige strøymer til

Kystvakta er med i leitinga i Askvoll med KV «Tor». Det er også fleire redningsskøyter og mange andre båtar.

På den måten får dei leita i eit langt større område.

Utover fredagen har fleire og fleire frivillige strøymt til både i Aurland og Askvoll. For brannmannen Helge Follevåg er det avgjerande.

– Det er overveldande. For oss som deltar er det viktig at det er mange. Viser jo berre at vi bryr oss. Vi leitar etter ein som dei fleste kjenner.

Den sakna Christoffer Lysne Elgåen (29) jobba i brannvesenet i Aurland.

LEITAR VIDARE: I Aurland pågår leitinga etter Christoffer Lysne Elgåen for fullt gjennom helga.

Foto: Sunniva Hestenes / Aurland kommune / NRK