Byrådet har vedteke å utvida datokøyringa innanfor ytre bomring i Bergen sentrum.
Datokøyringa gjeld i utgangspunktet fram til 22 i kveld, men byrådet har bestemt at denne vil fortsetja frå klokka 6 måndag. Etter planen skal tiltaket gjelda fram til klokka 22 tysdag.
Les også:
Tiltaket vil verta avlyst tidlegare viss vêrtilhøva i Bergen betrar seg.
Kommunen følgjer utviklinga tett
Varselet frå Metereologisk institutt viser fare for farleg høg luftforureining både måndag og tysdag.
– Varselet tyder på at vêret skal vera noko lunde det same neste veke. Difor har me budd oss på å innføra datokøyring frå måndag morgon, seier Eva Hille, informasjonsdirektør i Bergen kommune.
Hille presiserer at vedtaket gjeld fram til tysdag klokka 22, men seier at kommunen vil følgja vêrutviklinga gjennom helga.
– Skulle vêrtilhøva snu, vil datokøyringa verta avblåst på kort varsel.
Det er ikkje datokøyring mellom klokka 22 i kveld og klokka 6 måndag morgon.
Les også:
Måndag 11. januar kan bilar med skiltnummer som sluttar med oddetal køyra innanfor bomringen i Bergen. Tysdag er det fritt fram for bilar med partalsskilt.
Dette er den fyrste perioden med langvarig dårleg luft etter at det nye byrådet i Bergen tiltredde.
Les også:
Ni vart teken i storkontroll
For andre gong i historia har byrådet i Bergen innført datokøyring for å avgrensa luftforureininga i byen. Førre gong byrådet innførte datokøyring var i 2010. Då vart tilgangen til Bergen sentrum redusert i berre éin dag.
I går vart ni personar bøtelagde for å ha
Syndarane måtte ut med 1.500 kroner i gebyr.Påbodet om datokøyring blei innført fordi kombinasjonen av kaldt vêr og lite vind gjer at den giftige lufta frå biltrafikk, båtar i hamna og vedfyring, blir liggande over byen i det som blir omtala som eit «giftlokk».