Hopp til innhold

Innførte datokøyring - same dag blinka luftmålarane raudt

For første gang på tre år var det onsdag ulovleg mykje nitrogendioksid i lufta på Danmarks plass i Bergen.

Trafikk på Danmarks plass datokjøring

I DAG: Det var merkbart færre bilar her på Danmarks plass i dag tidleg. Men likevel vart det målt ulovleg høge førekomstar av nitrogendioksid.

Foto: Siri Løken / NRK

Målarane for luftkvalitet på Danmarks plass i Bergen lyste raudt i dag tidleg. Det var verdiane for NO2 (nitrogendioksid) som sprengte grensa og gav helsefarleg luft i Vestlandet hovudstad.

Klokka 09.00 er verdiane på 232,8. Den lovlege grensa går på 200. Det er første gong sidan 2013 at det er lovstridige konsentrasjonar av NO2 i lufta på Danmarks plass.

Det skjer same dag som det vart innført datokøyring, og tusenvis av reisande til og frå Bergen måtte finne andre måtar enn eigen bil å koma seg til jobb på.

Sjølv om årsmiddelverdiane har vore høgare enn grenseverdiane også dei siste åra, må ein tilbake til januar for tre år sidan for å finna siste ekstremmåling.

NO2 stammar hovudsakleg frå utslepp frå trafikk og frå dieselforbrenning.

Verdiar for NO2 i Bergen

Som du kan sjå av grafen har verdiane for NO2 i dag passert den raude grensa i Bergen.

Foto: Skjermdump / Luftkvalitet.info

Mindre trafikk

Dette skjer trass i at kommunen i går innførte sokalla datokøyring i Bergen. I dag er det berre dei med partal som siste nummer på bilskiltet som har lov å køyre innanfor ytre bompengering i Bergen.

Likevel er lufta svært dårleg byen. Vegvesenet melder om at trafikken i dag har vore lågare enn normalt.

Klokka 10.00 har luftforureininga gått ned igjen. På Danmarks plass er verdiane for NO2 no nede på 163.

Målarane syner oransje nivå både på Danmarks plass, ved Rådhuset i Bergen og i Loddefjord.

Vêret bidreg

Også vêrforholda er i stor grad med på å bestemme når det sokalla giftlokket legg seg over Bergen.

Det er kraftig inversjon i Bergen i dag, noko som betyr at temperaturen i lufta ved bakkenivå er lågare enn kva den er lenger oppe i høgda. Det gir perfekte forhold for elendig luft.

– Dei siste åra har det vore mykje storm og dårleg vêr i Bergensdalen om vinteren. Det har skapt sirkulasjon i lufta og forholda har difor ikkje vore slik at lufta får slike verdiar som i dag, forklarar Tobias Wolf ved Nansensenteret i Bergen.