Hopp til innhold

Datasentera kan auka landets kraftbehov med 20 prosent

Norske og internasjonale selskap for datalagring har planar som vil krevja elektrisitet tilsvarande ein femdel av Noregs totale straumforbruk. – Kravet må vera at dei ikkje sløser vekk all spillvarmen.

Skisse av datasenteret i Børdalen

KAN BLI FLEIRE: Her i Børdalen i Samnanger er det planar om eit stort datasenter. I framtida kan det kome datasenter som kjem til å trenga 12 prosent større nettkapasitet enn det finst i dag.

Illustrasjon: Arqsix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Datalagring krev enorme mengder straum. Globalt er det i ferd med å bli blant dei aller største energisluka.

Mange internasjonale selskap ønsker no å etablera datasenter i Noreg.

Interessa for å bruka rein, norsk energi til datalagring er historisk høg, ifølge Håkon Borgen, konserndirektør for teknologi og utvikling i Statnett.

– Me har aldri hatt så mange saker på bordet som me har no, når det gjeld datasenter. Det har vore ein eksplosiv vekst i talet på kundar som ønsker å knyta seg til straumnettet i Noreg. Det er store prosjekt, og ei blanding av globale og nasjonale aktørar.

Samstundes opplever andre bedrifter at dei må venta i 5-10 år på å få straumtilkopling, fordi regionen der dei ønsker å etablera seg har for lite nettkapasitet.

Stor auke

Totalt har Noreg i dag eit straumnett som toler 30.000 megawatt. Hjå Statnett ligg det no søknadar og førespurnadar frå datalagringsselskap om til saman 3.300 megawatt ekstra. Det krev 12 prosent større nettkapasitet enn det Noreg har i dag.

For kraftbehovet blir konsekvensen endå større. Datasentera går nemleg gjerne for full maskin heile tida, og utnyttar altså straumnettet hardare enn dei fleste andre.

Den totale norske straumbruken i landet er i dag om lag 137 terawattimar (TWh). Dersom alle planane om datasentera blir noko av, vil det norske straumforbruket stiga med opptil 20 prosent.

– Og me ønsker å legga til rette for å knyta desse kundane til straumnettet. Me har jo plikt til det, seier Borgen.

CeBIT. Lefdal Mine Datasenter

GAMAL GRUVE: Modellen viser alle gruvegangane der Lefdal Mine Datacenter kan plassera konteinarar fulle av datamaskinar. Modellen av Fridomsgudinna viser storleiken.

For i Noreg har alle rett til å få den straumen dei ønsker. Sjølv om dei kanskje må vera med å betala eit såkalla anleggsbidrag for utbygging av nødvendige kraftkablar eller transformatorstasjonar.

– Hårete mål

I ei nedlagd gruve i Stad kommune ligg det som er eit av landets hittil største anlegg for datalagring. Lefdal Mine Datacenter ligg ved ei lita bygd med rundt 20 hus, men har no fått ein nettkapasitet på heile 20 megawatt.

– Førebels har me «berre» kontrakt på 7 megawatt, men det er jo ganske betydeleg, seier dagleg leiar Jørn Skaane.

Han drøymer om ei mangedobling på få år. 60 megawatt i løpet av halvanna år. På sikt snakkar selskapet om at dei vil trenga 200 megawatt.

– Me må jo ha hårete mål, og me har enormt kraftkrevjande førespurnader frå kundane.

Jørn Skaane, Lefdal Mine Datacenter

VIL UTVIDA: – Me må jo ha hårete mål, seier Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter. I dag brukar dei 7 megawatt. Om halvtanna år håpar han dei treng 60 megawatt.

Foto: Lefdal Mine Datacenter

Til samanlikning: 200 megawatt er om lag det same som nettkapasiteten til heile Stavanger kommune med alle sine bedrifter og over 180 tusen innbyggjarar.

200 megawatt er også gjerne nettkapasiteten til eitt eller to smelteverk.

Attraktivt

I debatten om korleis Noreg skal kunna bli eit nullutsleppssamfunn, har miljøvernorganisasjonar hevda at datalagringssentera er energisluk som kan eta opp all energiøkonomisering og gjera det vanskeleg å erstatta fossil energi med elektrisitet.

Men Kirsten Å. Øystese i Norsk klimastiftelse meiner det er positivt å utnytta norsk vass- eller vindkraft til datalagring.

– Noreg treng både arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet, så dette bør vera ei næring som me har interesse av å tiltrekka oss. Me er vane med til dømes aluminiumsproduksjon, men dette er ein annan type kraftkrevjande industri som er attraktiv for Noreg.

– Er det eit dilemma kva landet skal bruka så store kraft- og effektmengder til når samfunnet skal elektrifiserast?

– Eg trur ikkje me skal snakka ned denne næringa som me treng, som har stor vekst og kan skapa store verdiar og arbeidsplassar, seier Øystese.

Kirsten Å. Øystese, Norsk klimastiftelse

POSITIV: Kirsten Å. Øystese i Norsk klimastiftelse meiner datasenter kan vera ei attraktiv næring for Noreg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ringverknadar

– Lefdal Mine Datacenter har no 11–12 fast tilsette, opplyser Skaane.

– Det er få arbeidsplassar per megawatt de har tilgjengeleg, samanlikna med eit smelteverk som gjerne har 100–200 arbeidsplassar?

– Det er ikkje slik me tenker, at me skal tilsetta flest mogleg. Vårt mål er å lukkast slik at det også gir store ringverknadar for regionen.

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) er også positiv til datasentera. Han viser til at me alle treng mykje datalagring i jobb, og privat til musikk, film og eigne fotografi.

– Datasenter er bra å ha. Med dei rette miljøkrava kan Noreg vera ein godt stad å plassera dei.

– Fyra for kråkene

Eitt av krava meiner han er at all varmen datasentera produserer, ikkje må gå til spille.

– Databehandling gir enorme varmemengder som må brukast til noko fornuftig, så det ikkje berre blir fyring for kråkene, seier Haltbrekken.

Lefdal Mine Datacenter kjøler ned datamaskinane sine ved hjelp av sjøvatn frå Nordfjorden like ved. Restvarmen blir ikkje utnytta etterpå.

– Det er ikkje noko me jobbar med akkurat no. Returvatnet vårt har låg temperatur. Det er ikkje så lett å utnytta vatn på rundt 20 grader. Då må ein vera nær eit fjernvarmeanlegg for ein storby, seier Skaane.

Han meiner senteret i Nordfjord heller har eit anna miljøfortrinn.

– Anlegget vårt ligg nær kraftproduksjonen. Dermed treng me ikkje lange kraftlinjer og får ikkje noko effekttap i nettet.

– Har de rekna ut kor mykje energi de faktisk slepp ut i fjorden som kjølevatn?

– Det vil komma, men per no har me ikkje gjort det.

Øystese i klimastiftelsen seier alle næringar bør jobba med å vera så energieffektive som mogeleg.

– Det gjeld jo også datasenternæringa, og eg trur nok dei har mykje å gå på. Energi som i dag går til spille.