Hopp til innhold

Må vente mellom fem og ti år på straum til ny batterifabrikk

Thomas Bogetvedt jobba for å etablere ein ny batterifabrikk på Mongstad, men slik gjekk det ikkje. Det er nemleg ikkje kapasitet på kraftoverføringsnettet til å forsyne han med straum.

Monstermaster

BYGGE UT: Fleire bedrifter må no vente til Statnett og dei lokale og regionale nettselskapa har fått auka kapasiteten på straumnettet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Me trudde ikkje dette skulle bli eit problem. Me blei ganske overraska over utfallet på søknaden, seier Thomas Bogetvedt.

Han arbeider med eigedomsutvikling på Mongstad i Nordhordland. Då selskapet Beyonder AS leita etter ein stad å etablere ein ny fabrikk for å produsere batteri til industriell bruk, meinte Bogetvedt at Mongstad møtte alle kriteria.

Men då dei sende inn bestilling av nettkapasitet, fekk dei beskjed om at det ikkje var driftsmessig forsvarleg å knytte til nytt forbruk på Mongstad.

– Det betyr at me ikkje får tilknyting til kraft før nettet er forsterka. Det har ein tidshorisont på fem til ti år.

Thomas Bogetvedt

IKKJE LENGER AKTUELL: Thomas Bogetvedt synest det er trist at dei ikkje lenger er aktuelle kandidatar for batterifabrikken.

Foto: Privat

Ein europeisk meisterskap

Dei er ikkje dei einaste som no blir nøydd å vente. Under halvparten av dei nye forbrukarane som har søkt om å kople seg til nettet har fått ja, medan resten må vente til Statnett og dei lokale og regionale nettselskapa har fått auka kapasiteten.

Det betyr at sjølv om det er nok straum til å møte behovet, er førespurnaden etter straum så høg blant nye forbrukarar at nettleverandørar ikkje klarar å forsyne alle.

For nokre av dei nye forbrukarane som har søkt om straumforsyning, er planane langt nok fram i tid til at dei kan vente. Men for Bogetvedt kan det bety kroken på døra for batterifabrikken på Mongstad, som no truleg blir lagt ein annan stad.

Det er nettopp dette som Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, er uroa for.

– Me er komen i ein forferdeleg situasjon i fylket vårt. Me har nok straum, men det er ikkje nok transformatorkapasitet til å frakte straumen ut for å dekke behovet langs kysten.

Han er redd for at dette skal gå ut over bedriftsetableringar i Noreg og i regionen.

Jon Askeland, Senterpartiet

GOD DIALOG: Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland, seier han er glad for den gode dialogen med Statnett, men er uroa for at Noreg vil miste etableringar dersom tiltaka ikkje kjem raskt nok på plass.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Dette er ein europeisk meisterskap. Det kan stå mellom etablering på Mongstad i Noreg eller til dømes Rotterdam i Nederland. Me er nøydd å ha nok elektrisk kraft på plass, og det raskt.

Stor etterspurnad etter elektrisk kraft

Håkon Borgen, konserndirektør i Statnett, seier at dei tar desse utfordringane på alvor.

Dei arbeider med både kortsiktige og langsiktige løysingar for at nye bedrifter skal få knytte seg til straumnettet så raskt som råd.

– Me ser at med eit så stort volum som kjem inn, er det ikkje mogleg å overføre straum med det nettet me har. Me treng større løysingar for å handtere det.

Men det er ikkje berre enkelt når forbruket aukar så raskt. Han fortel at dei siste tjue åra har veksten i forbruket vore på rundt ein prosent per år. Det siste året ser dei ein vekst på mellom fem og 10 prosent.

Sidan 2018 har Statnett fått førespurnadar frå aktørar for både forbruk og produksjon på til saman 18 700 megawatt. Av dei 18 700 MW er 12 300 MW nytt forbruk. Til samanlikning, er det maksimale straumforbruket målt i Noreg på 24 485 MW. Det betyr at på to år har dei fått førespurnadar om nytt straumforbruk som svarar til halvparten av det høgaste målte forbruket i Noreg.

– Det er ei utfordring, men samstundes noko me ønskjer å løyse. Me jobbar for eit fullelektrisk samfunn, og det er fullt mogleg å få til, seier Borgen.

Konserndirektør i Statnett, Håkon Borgen

GLEDELEG VEKST: Håkon Borgen, konserndirektør i Statnett, seier den enorme veksten viser at me er på veg mot ei elektrisk framtid.

Foto: Statnett

Mot eit elektrisk samfunn

Straumforbruket aukar både blant folk flest og næringslivet, og no skal også olje- og gassindustrien elektrifiserast.

Askeland er tydeleg på at han meiner at elektrifiseringa av sokkelen er viktig for Noreg og det grøne skiftet. Likevel trur han det kan vere ein del av årsaka til forsyningsutfordringane dei no står ovanfor.

– Det er krevjande når Statnett har gitt løyve til å elektrifisere sokkelen, utan at dei samstundes har sikra ny nettkapasitet. Dette er mellom anna det som har ført oss i denne situasjonen.

Dette har fylkesordføraren også gitt uttrykk for i eit brev til Olje- og energidepartementet, som først omtalt av Bergens Tidende.

Erlend Jordal i Olje- og energidepartementet nektar for at elektrifiseringa av sokkelen tek prioritet over nyetableringar.

– Me må balansere behovet mellom alle desse aktørane, pluss at befolkninga i Noreg veks. Alt dette må me få plass til i samfunnet. Då er auka kraftproduksjon og forsterking av nett det viktigaste.

Erlend Jordal, Informasjonssjef Norsk olje og gass

TAR TID: Erlend Jordal (H) i Olje- og energidepartementet seier det vil kome kortsiktige tiltak årleg, men dei langsiktige løysingane tar tid å få på plass.

Foto: Norsk olje og gass

Men han forsikrar om at det ikkje vil bli full stopp i næringslivet, trass den manglande nettkapasiteten. Dei jobbar med å få på plass tiltak på kort og lang sikt, men han påpeiker at det er både krevjande og dyrt å bygge kraftleidningar inn til byane og byregionane.

I tillegg seier han at tidlegare erfaringar viser at slike prosessar er langt frå konfliktfritt, og peikar på den omstridde kraftlinja mellom Sima og Samnanger i Hardanger.

– Me må ha den demokratiske forankringa i kommunane og fylkeskommunane for å få dette til på ein god måte. Prosessane må vere grundige og skikkelege slik at dei ikkje sporar av undervegs.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger