Hopp til innhold

Kvaliteten på slakteklar oppdretts­laks den dårlegaste på sju år

Andelen «superior» laks var i fjor den dårlegaste sidan 2017. I tillegg døydde rekordmange småfisk av sjukdom og skadar i settefiskanlegga.

Her ute ved merdene ved Rinøya i Lødingen der død laks ligger med buken opp flytende i vannet.

NEGATIVT REKORDÅR: Både nedjustert slaktekvalitet og rekordmykje død fisk er ein indikasjon på dårleg fiskehelse, ifølge Veterinærinstituttet.

Foto: Berit Roald / NTB

I fjor døydde det fleire oppdrettsfisk enn nokon gong før slakting – totalt over 109 millionar små og store laks og aure. Og kvaliteten på laks som vart slakta, var den dårlegaste på sju år.

– Oppdrettsnæringa har nesten blitt ein dødsfabrikk, hevdar Frøya Skjold Sjursæther i Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland.

Ho meiner statistikken i ferske rapportar frå Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet «nok ein gong» dokumenterer at oppdrettsnæringa er i krise.

Frøya Skjold Sjursæther (MDG i Hordaland)

– Kvaliteten på laksen går ned, og dødelegheitstala går opp. Oppdrettsnæringa har fått lov til å «køyre på», meiner Frøya Skjold Sjursæther i MDG.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

Kvar femte laks

To konklusjonar frå Veterinærinstituttet tyder på forverra fiskehelse i norske oppdrettsanlegg i 2024.

For det første: Nesten 20 prosent av all laks og aure fekk nedjustert slaktekvalitet.

Andelen med såkalla «superior» kvalitet gjekk i fjor ned til 80,6 prosent. Det er det dårlegaste resultatet på sju år, altså sidan 2017, og ei markant forverring sidan 2023, ifølge rapporten.

– Kvar femte fisk vart nedklassifisert. Når fisken har sår, er vi ganske overtydde om at fisken har hatt nedsett velferd i perioden før slakting, seier forskar Kristoffer Vale Nielsen.

17,1 prosent av fisken vart klassifisert som den dårlegaste slaktekvaliteten, såkalla produksjonsfisk.

Bilder fra Tilsyn hos Salaks etter perlesnormanet kom inn i merden. Fisken har sår etter manetskade og sår med bakteriell sekundærinfeksjon. Den har også øyeskade.

Oppdrettsfisk med augeskade og med sår som følge av perlesnormanet og bakterieinfeksjon.

Foto: Mattilsynet

109 millionar fisk døydde

For det andre: Rekordmange laks og aure døydde som yngel i settefiskanlegga på land – over 49 millionar.

– Dette er det høgaste talet rapporterte døde settefisk vi har sett, seier avdelingsdirektør Ingunn Sommerset.

I tillegg vart over 60 millionar smolt/vaksen laks registrerte som døde før slakting.

Til saman mista dermed minst 109 millionar små og store fisk livet i norske oppdrettsanlegg i 2024.

Talet har aldri vore høgare.

Sommerset legg til at prosentandelen dødelegheit i settefiskanlegga er vanskeleg å rekne på.

– Datakvaliteten og rapporteringsmåtane må bli betre, slik at vi kan rekne riktig på det.

Firda Settefisk i Norddalsfjorden - øvre anlegg

45 prosent av all norsk oppdrettsfisk som mister livet før slakting, døyr som småfisk i settefiskanlegg på land (illustrasjonsfoto).

Foto: Ottar Starheim / NRK

Les også Toppbyråkrat om dårleg fiskevelferd: – Heile kysten er eigentleg «blodraud»

Risikorapport frå Havforskingsinstituttet: Dyrevelferd oppdrettslaks

Oppheva positiv endring

Veterinærinstituttet er framleis uroa for den høge fiskedødelegheita i oppdrettsnæringa.

Rett nok gjekk andelen død fisk i sjømerdane litt ned i 2024, for første gong på mange år.

Resultatet enda på 15,4 prosent dødelegheit.

Men samla sett vart dette meir enn oppheva av at rekordmykje yngel døydde av sjukdom og skadar.

– Dersom dødelegheita forskyv seg til å skje i settefiskanlegga på land, så er vi nesten like langt, seier Sommerset.

Lakseyngel

Over 49 millionar laksefisk døydde av sjukdom eller skader i norske settefiskanlegg i fjor.

Les også For første gong er det nedgang i dødelegheita i lakseoppdrett: – Gledeleg

Hoppande laks hos Lingalaks i Radfjorden

Sår og skader

Redusert slaktekvalitet og rekordmykje død fisk er dårleg økonomi for oppdrettsselskapa.

Men for Veterinærinstituttet er bekymringa først og fremst at dette indikerer at fiskane har hatt dårleg helse og velferd i anlegga.

– I fjor, som dei siste to åra, var sår og skader den viktigaste årsaka til dårleg kvalitet på oppdrettslaksen, seier Nielsen.

Han trur ikkje dette først og fremst er sår som skuldast lakselus-angrep.

– Det er ofte ein bakterieinfeksjon knytt til såra, men årsaka kan også vere at fisken har fått ein skade som seinare har blitt infisert av bakteriane.

Ingunn Sommerset står i en hvit frakk på et laboratorium. Hun har armene i kryss og ser mot kamera.

– Det har vore mest fokus på at dødelegheita for vaksen fisk i fjor gjekk litt ned. Men det er viktig å hugse på den tidlege delen av produksjonen, òg, seier Sommerset i Veterinærinstituttet.

Foto: Eivind Senneset / NRK

– Torskeoppdrett ligg bakpå

Det aller meste av oppdrettsfisken i Noreg er laks. Men også hos oppdrettstorsk blei ein høg del nedklassifisert i 2024.

22 prosent av oppdrettstorsken i Noreg døydde før slakting.

– Det er problematisk. Det har ikkje blitt investert like mykje i kunnskap om ernæring, sjukdommar og vaksinar til torsken. Denne delen av oppdrettsnæringa ligg bakpå, seier Sommerset.

– Det var ein svak reduksjon i kvaliteten på regnbogeaure òg, men det er kanskje fordi kvaliteten i 2023 var litt over normalt, seier Nielsen.

Torskeoppdrett

Oppdrettstorsk er ei lita næring i Noreg, men hadde den høgaste dødelegheita i 2024 – heile 22 prosent (illustrasjonsfoto).

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjømat Noreg: – Alvorleg velferdsproblem

Oppdrettsnæringa vedgår at slaktekvaliteten var dårleg i fjor.

– Sårutvikling hos laks i sjøfasen er eit alvorleg velferdsproblem for fisken, skriv Sjømat Noreg til NRK.

Men sjølv om færre fisk fekk superior-kvalitet, meiner bransjeorganisasjonen dette ikkje gir eit fullstendig bilde på fiskevelferda.

Sjømat Noreg trekker fram at vinteren 2025 går det rett veg når det gjeld den dårlegaste kvalitetskategorien – såkalla produksjonsfisk.

Og organisasjonen viser til at prosentandelen død settefisk er stabil, sjølv om antalet gjekk opp.

Men Veterinærinstituttet meiner datagrunnlaget gjer utrekning av andelen vanskeleg.

MDG: – Krisestemning

Den reduserte slaktekvaliteten i fjor kommenterer Sjursæther i MDG slik:

– Openbert er det ganske krisestemning i oppdrettsnæringa. Kvaliteten på laksen går ned, samtidig som dødelegheitstala held seg høge og går opp. Utan at politikarane reagerer.

– Regjeringa og Stortinget seier målet er å redusere fiskedøden til 5 prosent. Slår MDG inn opne dører?

– Nei. Dei har sett seg eit litt hårete mål, men ikkje følgt opp med konkrete tiltak.

MDG krev lukka anlegg, og meiner oppdrettarar som har høg dødelegheit, bør straffast med avgifter og redusert produksjonskapasitet.

– Vil MDG ha – eller ha vekk – norsk fiskeoppdrett?

– Vi vil sjølvsagt ha det, men på skånsame måtar for naturen, oppdrettsfisken og villaksen, seier ho.

Barbed Wire Jellyfish, Perlesnormanet

Manet-flaks redda oppdrettslaks