Då ordføraren skulle melde trugslane, ringde dette nummeret igjen

Det har storma rundt kommuneleiinga i Os etter avlivinga av kjendissvana «Hamnesjefen». No håpar varaordføraren at historia snart kan få ein slutt.

Laila Reiertsen

TRUGSLAR: Ei kvinne ringde ti gonger på kort tid til fungerande ordførar Laila Reiertsen. Til slutt fekk dei tatt opp samtalen på politistasjonen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

«Deres familier MÅ oppleve det samme som familien til drepet svane».

Det er éin av drapstrugslane retta mot kommunetilsette i Os.

– Det har vore eit forrykande oppstyr og hektiske dagar, seier fungerande ordførar, Laila Reiertsen.

Fredag gjekk ho til lensmannen i Os for å melda trugslane. På kontoret ringde dama som kom med trugselen igjen.

– Då fekk vi tatt opp samtalen, og lensmannen fekk høyre kor gale det faktisk er. Han blei sjokkert, seier Reiertsen.

Men dette er ikkje fyrste gong dei kommunetilsette får slike trugslar.

– Fleire ønskjer oss same veg som «Hamnesjefen», rett og slett. Eg er ikkje overraska over at det er kome truslar, men eg trudde ikkje folk ville gå så langt.

Håpar å gå vidare

Reiertsen understrekar at det ikkje berre er truslar ho har teke imot, men at der også har kome positive tilbakemeldingar.

– No har det heldigvis begynt å roe seg, og eg håpar at ein snart kan gå vidare saman og at det ikkje vert så mykje meir ut av denne saka. Eg håpar alle har fått sagt det dei meiner no.

Laila Reiertsen og Øystein Svalheim

HAR MELDT TIL POLITIET: – Det er veldig leit, seier fungerande ordførar Laila Reiertsen, som her tek imot drapstruslar via telefon. T.h. landbrukssjef Øystein Svalheim.

Foto: Mette Anthun / NRK

Tidlegare denne veka tilbydde Modum kommune seg å ta imot svana og familien hans, og fleire har stilt spørsmål ved at svana vart avliva før flyttespørsmålet var avklart, som ein direkte konsekvens av angrepet onsdag kveld.

– I tillegg har vi fått avslag på avslag når det gjeld flytting av svana. Det handlar også om kva det er vi sender av garde. Vi ville ikkje ha svaneangrep i andre kommunar på samvita, seier Reiertsen.

Stengde kommentarfeltet etter drapstrugslar

Eirin Eikefjord, kommentator i Bergens Tidende er sjokkert over debatten som har oppstått rundt avlivinga av svana.

Eirin Eikefjord

SJOKKERT: Kommentator i BT, Eirin Eikefjord, meiner debatten rundt svana har gått for langt.

Foto: NRK

– På eit tidspunkt måtte vi stenge kommentarfeltet på nettsidene våre. Der kom mellom anna drapstrugslar og folk som stiller spørsmål ved foreldra til den første jenta som vart angripen.

Eikefjord trur det er fleire sider ved saka som gjer at den vekker sinne hjå folk.

– Det handlar om dyr, barn si sikkerheit, liv og død – og der er mange kjensler involvert. Det set sterke, emosjonelle krefter i sving.

– Ting vi kunne gjort annleis

Svaneliket er no sendt til Oslo veterinærinstitutt for obduksjon for å sjå om det er biologiske årsaker til at «Hamnesjefen» var aggressiv.

Reiertsen fortel at kommunen no skal gå gjennom heile saka om «Hamnesjefen».

– Når folk er tilbake frå ferie vil vi sette oss ned i kommuneleiinga og gå gjennom kva vi har gjort, og om vi kunne gjort noko på ein annan måte. Der er heilt sikkert mange ting vi kunne gjort annleis, men slik er det i alle saker.

Havnesjefens enke og barn

UTAN FAR: Torsdag kveld sumde resten av familien til «Hamnesjefen» åleine rundt i Os. Far i familien kjem ikkje tilbake.

Foto: Mette Anthun / NRK