Hopp til innhold

Politiet: Fleire personar er trua på livet etter avlivinga av «Hamnesjefen»

Os kommune melder saka til politiet etter at tre personar har mottatt truslar mot seg og sine familiar. – Det er grove truslar som me ser svært alvorleg på, seier lensmannen.

Laila Reiertsen og Øystein Svalheim

ANMELDER: – Det er ubehageleg, for ein veit aldri kor mykje alvor det er i det, seier fungerande ordførar i Os, Laila Reiertsen, som har mottatt drapstruslar. Her utanfor kommunehuset saman med landbrukssjef Øystein Svalheim torsdag.

Foto: Mette Anthun / NRK

Avlivinga av kjendissvana «Hamnesjefen» i Os har medført heftig debatt, raseri og truslar.

Os-ordførar Marie Bruarøy, fungerande ordførar Laila Reiertsen og ein administrativt tilsett i kommunen har alle blitt trua. Det same har familiane deira, fortel fungerande lensmann i Os, Audun Hadler-Olsen.

– Det har blitt framsett drapstruslar mot meir enn ein person. Me ser svært alvorleg på dette. Dette er offentlege personar som utfører eit yrke og eit verv, så det er heilt uakseptabelt med slike truslar, seier lensmannen, som karakteriserer truslane som grove.

Politiet var torsdag i møte med kommuneleiinga, og fekk sjå truslane dei har mottatt.

– Kommuneleiinga la fram det dei hadde av informasjon. Dei fortalde kva slags truslar dei hadde mottatt. Det dreidde seg om drapstruslar og sjikane, som har eskalert i seinare tid, seier Hadler-Olsen.

Fredag ettermiddag har Os kommune bestemt seg for å melda truslane til politiet. Det stadfester fungerande ordførar Laila Reiertsen overfor NRK. Klokka 12.45 er ho på veg inn på lensmannskontoret på Os saman med ordførar Marie Bruarøy for å levera anmeldelsen.

Havnesjefens enke og barn

UTAN FAR: Her er familien til «Hamnesjefen» dagen etter avlivinga av kjendissvana.

Foto: Mette Anthun / NRK

Sosiale medium, telefonar og SMS

Lensmannen vil ikkje gå konkret inn på kva truslane inneheld eller kor mange truslar det dreier seg om.

Hadler-Olsen fortel imidlertid at truslane er framsett både gjennom sosiale medium, telefonar og SMS-ar, og kjem frå personar på fleire kantar av landet.

Tidlegare fredag sa politiet at dei ser så alvorleg på saka at dei uansett ville vurdera å starta etterforsking på eige initiativ, dersom kommunen ikkje ville anmelda saka.

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen i Os politiet

GROVE TRUSLAR: Politiet ser svært alvorleg på saka, fortel fungerande lensmann Audun Hadler-Olsen i Os. (arkivfoto)

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Hadler-Olsen seier det er vanskeleg å vurdera realiteten i truslane.

– Om det berre er eit uttrykk for frustrasjon, eller kva dei reelt sett legg i truslane, er alltid veldig vanskeleg å vurdera. Me må også ta omsyn til korleis mottakarane oppfattar truslane, og gjera ein totalvurdering.

Laila Marie Reiertsen

I STORMEN: Fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen har blitt trua på livet etter avlivinga av «Hamnesjefen» natt til torsdag. – Me bør ha nulltoleranse for slike truslar, og slå hardt ned på det, meiner ho.

Foto: Mette Anthun / NRK

Ordførar: – Eg har følt ubehag

Fungerande ordførar i Os, Laila Marie Reiertsen, fortel at situasjonen har roa seg etter den verste stormen torsdag føremiddag.

Truslane som kom etter at avlivinga blei kjend, var imidlertid så grove at kommunen ikkje såg noko anna løysing enn å gå til politiet.

– Me fann ut at det var det beste å gjera i denne situasjonen, når fleire her fekk direkte truslar mot seg og sine pårørande, seier Reiertsen, som stadfester at ho, Bruarøy og ein administrativt tilsett alle har mottatt truslar.

– Det er ubehageleg, for ein veit aldri kor mykje alvor det er i det. Eg har personleg ikkje vore direkte redd, men eg har følt ubehag. Det hjelpte å få ein god dialog med politiet, seier Reiertsen.

Tidlegare fredag sa Reiertsen at ho meinte ei politietterforsking kunne verka førebyggande.

– Me bør ha nulltoleranse for slike truslar, og slå hardt ned på det, meiner Reiertsen.