Hopp til innhold

Då julebordsgeneralen fekk nok av julemat

HERMANSVERK (NRK): Endre Gjerde blir stadig minna på at han truleg er verdsmeister i julebord.

Endre Gjerde

KAFFI OG KAKER: Endre Gjerde serverer kaffi og kaker då underteikna er på besøk. Sjølv heldt han seg til eitt kakestykke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg skal ikkje gå langt bortover vegen her før nokon spør meg om eg ikkje skal på julebord i år.

Julebordsgeneralen

Du hugsar kanskje at NRK skreiv om Endre Gjerde for seks år sidan. Overskrifta laud som følgjer: «Var med på 260 julebord – og det heldt på å knekkje han fullstendig» .

Høyr reportasjen frå 2012 her.

Han hadde verv i det meste i stordomstida for juleborda, noko som gjorde at han vart invitert til stort og smått av julebord.

– Eg er kjemisk rein for verv, og det set eg pris på. Eg har vore med på nok i mi tid, og no vil eg ha resten av livet som fri mann. Eg kan stå opp om morgonen og gjera kva eg vil.

– Men du saknar ikkje verva slik at du blir invitert på julebord att?

– Nei! Eg har ete nok pinnekjøt. Hadde dei strekt ut pinnane av pinnekjøtet eg har ete i mi tid, kunne eg gått tørrskodd over Sognefjorden, ler han.

Sveitten rann

Endre Gjerde

VERVSFRI: Endre Gjerde kallar seg sjølv ein fri mann. No har han ikkje eit einaste verv lenger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ein periode på 70- og 80-talet gjekk han på 26 julebord i året, ti år på rad. Slikt blir det mengder av. På dansegolvet på Sogn og Fjordane Senterparti sitt julebord i 1985 ringde alle alarmar.

– Det perla sveitte av meg så eg vart sippande blaut. Då spurde ho eg dansa med om eg hadde målt blodsukkeret mitt i det siste. «Nei, aldri», svarte eg. Då fekk eg beskjed om å gå til legen måndag, sa Gjerde, då han for seks år sidan fortalde soga om julebordsfråtsinga til NRK.

Frå legen vart han sendt rett til sjukehuset. «Diabetes type 2 og ekstrem overvekt» var beskjeden han fekk.

Framleis får han høyra det av kjentfolk.

– Det er heile året. «Du har verdsrekord i julebord» og «Skal du ikkje på julebord i år?». «Nei», svarar eg.

Vil under 100

På det meste viste vekta 135 kilo. Han raste ned etter å ha lagt om kosthaldet, og no nærmar han seg den magiske grensa.

– Eg vil gjerne sjå eit tosifra tal på vekta. No er eg 104 kilo. Men hadde eg reist på dei juleborda eg har fått tilbod om i år, hadde eg nok sprotte opp å 110 kilo med ein gong.

– Eg orkar ikkje svelta meg resten av året for å eta godt i to veker, avsluttar han.

Endre Gjerde

TRIMMAR: Gjerde spaserer ned til sentrum, der ein gjeng pensjonistar ofte samlast på dagtid.

Foto: Sondre Dalaker / NRK