Hopp til innhold

Trym Aafløy fronta FNB. No vil partiet ta frå han løn på 900.000 kroner

Så godt som ingen vil støtte FNB-avhoppar Trym Aafløy i å behalde løna, viser NRK-rundspørjing. Toget er gått, trur Aafløy sjølv.

Trym Aafløy i FNB kaller inn til pressekonferanse.

FORKLARA SEG: Trym Aafløy (midten) held førre veke ei pressekonferanse i Åsane om utmeldinga, i lag med Per Jørgensen (t.v.) og Rolf Scott (t.h.).

Foto: Marit Hommedal / NTB

Det er snart ei veke sidan Trym Aafløy melde til eit sjokkert Bergen bystyre at han og to andre melde seg ut av Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB).

Bompengeprofilen har sidan kjempa for å behalde vervet som nestleiar i utval for miljø og byutvikling i bystyret.

Og med det inntekta på nesten 900.000 kroner for fulltidsjobben.

No viser ei rundspørjing NRK har gjort at det går mot eit fleirtal i FNB i Bergen for å bytte ut Aafløy som betalt politikar i Bergen.

Berre éin med støtte

FNB gjorde eit brakval i Bergen i 2019, og fekk totalt 11 representantar i bystyret. Trym Aafløy var den største profilen for partiet i valkampen.

No er det opp til dei åtte som er igjen om dei vil bytte ut Aafløy som utvalsmedlem – og dermed ta frå han inntekta.

Desse åtte vil samtidig lytte til 12 vararepresentantar før dei bestemmer seg. Totalt 20 i FNB får dermed eit ord med i laget om Aafløy si økonomiske framtid.

NRK har kontakta alle 20. Det er minimalt med støtte å spore i FNB for å la Aafløy halde fram i nestleiarvervet.

  • 1 av 8 i bystyregruppa seier tydeleg ja til å bytte ut Aafløy. 3 andre heller mot det same.
  • Dei fire siste vil ikkje kommentere saka til NRK.
  • Blant 12 varamedlem har 9 svara. Av dei er det berre éin som svarar klart nei til å byte ut Aafløy, fem svarar klart ja, og tre vil ikkje seie kva dei meiner.

Bystyremedlem Tore Landmark meiner Aafløy heilt klart bør bli bytt ut.

– Når han har vald å gå ut av partiet, må han ta konsekvensane av det. Mykje tyder på at han har forrekna seg, seier han.

 Trym Aafløy i FNB kaller inn til pressekonferanse.

– Eg tenker at toget er gått, seier Aafløy sjølv.

Foto: Marit Hommedal / NTB

29. desember har dei frist til å spele inn internt kva dei meiner og komme med alternative kandidatar.

Partiet må seinast i tredje veka i januar sende ei innstilling til forretningsutvalet, som til slutt blir votert over i bystyret 27. januar.

– Må ta konsekvensane av utmelding

Før helga sende Aafløy sjølv ein e-post til dei andre partia der han meiner FNB utset han for ei «umenneskelig handling» dersom han blir «kastet på gaten», ifølgje Bergensavisen.

Konstituert gruppeleiar i FNB Bergen Cesilie Tveit let det vere opp til gruppa og varamedlemane å komme med innspel.

– Vi er veldig opptekne av openheit og at folk skal få vere med på å påverke, seier ho.

Christian Rolland har ikkje landa heilt enno, men seier det er problematisk om partiet berre skal ha ein av dei to fulltidsstillingane i bystyret dei har hatt til no. Ronny Grønsdal seier det er unaturleg å ikkje ha nokon frå FNB i utvalet, men vil bli ferdig med interne prosessar før dei landar eit vedtak.

 Marte Leirvåg (H), Eivind Nævdal-Bolstad (H), Cesilie Tveit (FNB), Christian Rolland (FNB)

MÅ TA STILLING: F.h. Christian Rolland og Cesilie Tveit i bystyregruppa for FNB.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Andre disponibel for vervet

Stian Harborg Skare er på det same sporet, men opnar for at det likevel kan bli annleis no.

– Vi er i ein prosess med å kartlegge alternativet, seier Skare.

Skare er open for å vurdere å overta nestleiarvervet. Landmark stiller seg også disponibel om partiet ønskjer det, men peiker på Skare.

Fleire er i tenkeboksen, men må avklare med jobb og familie om dei kan ta permisjon og bli fulltidspolitikar på kort varsel.

– Aafløy har brent brua

Ni av FNBs 12 vararepresentantar har også svara på NRK førespurnad. Her er mange tydeleg misnøgde med Aafløy.

– Han kan ikkje seie opp jobben og så ville halde på løna, seier Roald Johannesen.

– Aafløy har brent brua til oss, seier Cato Siljander.

– Det er naturleg at vervet tilhøyrer partiet og ikkje er knytt til personar, seier Jørgen-André Rødland, som sit i partistyret i Bergen.

Med Rødland er det to av fem i sjølve FNB Bergen-styret som vil byte ut Aafløy, mens resten ikkje vil kommentere saka.

– Skulle ønske ein kunne vise storsinn

Berre Knut Inge Andersen, som sit i fylkesutvalet for FNB Vestland og er vara til bystyret, seier tydeleg og klart til NRK at Aafløy bør få halde fram.

Han kallar Aafløy «ei heilt sentral brikke om ein skal forstå bompengeopprøret og det formidable valresultatet FNB» fekk i kommunevalet 2019.

– Teknisk sett er det berre å byte han ut, men det får veldig vidtrekkande konsekvensar for han. Det er jo ein jobb og levebrødet hans. Eg skulle ønske at ein kunne vise storsinn og la han fortsette der, seier Andersen.

Aafløy får halde fram som medlem av samferdselsutvalet på fylkesnivå, sjølv om FNB då er heilt ute av eit viktig utval for partiet.

Trym Aafløy i Vestland fylkesting

SMILER: Trym Aafløy kunne smile etter at han blei politikar på heiltid for FNB, her i fylkestinget i Vestland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Går truleg ikkje i min favør

– Eg tenker at toget er gått. Får eg bestemme, vil eg behalde vervet, men eg får nok ikkje bestemme, seier Trym Aafløy.

Hovudpersonen sjølv avviser at han har forrekna seg.

– Eg såg at det kunne skje. Men partiet har vore ufatteleg raske til å gå etter alt eg har av verv. Blir det sånn, så blir det sånn. Eg ser nok at det truleg ikkje går i min favør, seier Aafløy.

No er han letta over å vere ute av partiet.

– Eg har det betre enn på lenge. Det har teke nokre bører av skuldrene mine og gjer at eg har færre bekymringar.

– Korleis skal du skaffe inntekt om du mister nestleiarvervet?

– Då er eg ledig på arbeidsmarknaden, seier Aafløy.

Året med Trym Aafløy og FNB

Året med Trym Aafløy og FNB