– Vår inspektør kom over dette ved eit reint tilfelle. I utgangspunktet tok han kontakt fordi byggjeplassen var rotete og han mistenkte manglande sikring, seier tilsynsleiar ved Arbeidstilsynet, tilsynsstad Førde, Rune Joar Ravnestad.
Bedrifta Husvik Sia, som både har produsert, men også monterer huset på tomta i Vik, fekk eit munnleg pålegg om byggjestans til tilhøva var utbetra.
– Dette ordna dei til neste morgon. Sidan inspektøren vår først var der, stilte han også spørsmål om mellom anna lønstilhøva til dei tre arbeidarane, fortel Ravnestad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Timelønn på 30 til 60 kroner
Då Arbeidstilsynet fekk tilsendt dokumentasjon på arbeidsavtalar og lønsbestemmingar, fekk dei mest sjokk.
Ein av arbeidarane har ei timeløn på 30 kroner. Dei to andre får høvesvis 49 og 59 kroner for jobben dei gjer med å reise huset, som er eit såkalla modulhus som kjem i ferdige seksjonar.
– Allmenngjeringa seier at minstelønna skulle vore minst 149 kroner for dei som var der, seier Ravnestad.
På sine sju år i etaten har han aldri opplevd liknande ved tilsynskontor Førde.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vurderer politimelding
Arbeidstilsynet vurderer no å politimelde lønsforholda.
– Det er ei fortløpande vurdering. Dette var grovt, seier Ravnestad.
Han presiserer at dette har med produsent og montør av huset å gjere, altså latviske Husvik Sia. Huseigar er ein uskuldig part, som ikkje kan stå til ansvar for desse tinga.
– Dette er snakk om arbeids- og lønstilhøva for dei tilsette i bedrifta, seier Ravnestad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tok til i januar
Husvik Sia har i ei årrekkje produsert såkalla modulhus for den europeiske marknaden. Dette er hus, eller hytter, som er ferdig produserte i Latvia, og som sidan har vorte transportert til bestemmelsesstad der ofte eit nytt firma har montert sjølve huset.
Frå januar byrja Husvik Sia å gjere dette sjølve, og prosjektet i Vik er eit av dei første som dei har i Norge.
– Vi tenkte ikkje på det på denne måten. Når ein ser alt samla under eitt, får dei mellom anna både kost og losji og reise. Men vi reknar ikkje slik som de gjer i Norge. Det forstår vi no, seier Ilmars Samsonovs.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ikkje gjort nok førearbeid
Han fortel at i Latvia vil dette, samt godtgjersle på reise og liknande, liggje inn under lønn.
– Men vi ser at vi må endre noko, seier Samsonovs.
Han fortel at firmaet er ferske når det gjeld å ha sine tilsette på arbeid i Norge, og at dei kanskje ikkje har gjort godt nok førearbeid i forhold til dei reglar og lover som dei må følgje som arbeidsgjevar i Norge.
– Vi visste nok ikkje nok. Vi tok ikkje til med dette før i desember i fjor, så vi visste noko ikkje heilt kva vi burde ha sett oss inn i. Men no er vi i gang med ein dialog med eit konsulentfirma og vi endrar på både arbeidsavtalar og lønsforhold, slik at det er korrekt i forhold til norske forhold, seier Samsonovs.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur det er spikaren i kista
Men han legg ikkje skjul på at det kan vere spikaren i kista for likande jobbar i Norge for firmaet.
– Vi trur ikkje det vil vere mogleg for oss å selje vår kompetanse i Norge, for vi vil kanskje bli dyrare enn lokale handverkarar, sidan vi må betale kost, losji og reise til våre folk. Men dette er slik det er, seier Samsonovs.
Han legg ikkje skjul på at det kan vere noko uoversiktleg å orientere seg i norske lover og reglar når ein opererer som utanlandsk arbeidsgjevar i Norge.
– Det er litt rotete av og til. Men på den andre sida er det ikkje så annleis enn i Latvia, berre ein set seg skikkeleg inn i det. No når vi har nytta konsulenttenester, så forstår vi litt meir, seier Samsonovs.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Måtte stole på at alt var i orden
NRK.no har vore i kontakt med huseigaren, som ikkje har vore klar over tilhøva på byggestaden.
– Eg har heile tida vore oppteken av at alt skal vere i orden, men som privatperson har eg ikkje krav på innsyn i lønsdokumentasjon, og måtte difor stole på at alt var som det skulle. Eg kommuniserte ei forventning om at dei følgde reglane, seier ho.
Vedkommande fortel at ho elles er svært nøgd med både kontakten med firmaet og jobben som har vart utført.
– Dei var profesjonelle på alle andre felt. Men at ikkje lønsforholda er som dei skal, tykkjer eg er svært uheldig, seier huseigaren.
– Skjer over heile landet
Leiar i Byggmeisterforbundet, Frank Ivar Andersen, tykkjer saka er skremmande, men er ikkje overraska.
IKKJE OVERRASKA: Leiar i Byggmeisterforbundet, Frank Ivar Andersen, meiner mørketala er store.
Foto: NRKHan fortel at underbetalte utanlandske arbeidarar dukkar opp stadig vekk over heile landet.
– Det er så stor grad av arbeidsinnvandring og selskap som byggjer bustader og gjer vedlikehaldsarbeid, at eg trur det er ein underskog av dette, seier Andersen.
Han meiner det er vanskelegast å oppdage det som skjer på privatmarknaden.
– Særleg på vedlikehaldssektoren, ombygging, oppussing og måling. Det er over heile landet, seier Andersen.
Slår beina under bransjen
Han meiner dette slår beina under bransjen som heilskap.
– Vi har eit historisk høgt aktivitetsnivå, men vilkåra for å drive forretning og lønsamt innanfor lovlege rammer, er i ferd med å smuldre opp for dei små bedriftene, seier Andersen.
Han meiner dette går ut over både å halde oppe kompetansen i næringa, samt at det øydelegg for rekrutteringa. Han trur ikkje det er noko regelendring som må til. Tvert om.
– Vi har meir enn nok reglar. Det eg etterlyser er ein heilt anna kontrollaktivitetsnivå frå myndigheitene. Ein må ut. Det er berre å gå ut på nybyggfelt. Gå rundt i gater og grender. Det er overalt. Men ein ser det ikkje frå eit kontor, seier Andersen.
Han ber om at både skattekontrollørar og andre etatar får meir ressursar til å vere ute i felten.
– Dei har både regelverk og fullmakter, men det føreset at dei har ressursar til å vere ute blant folk, seier Andersen.
Kallar det grovt brot
asjonal prosjektleiar for Arbeidstilsynets tilsynsynsprosjekt med sosial dumping innan Bygg, verft og næringsmiddelindustrien, Magne Kristensen, er også uroa over storleiken på tilfellet i Vik.
– Når du tenkjer på at tarifflønna er oppunder 150 kroner timen, så er det eit grovt brot på bestemmelsane om allmenngjort tarifflønn, seier Magne Kristensen.
Han fortel at dei har vore borti liknande tilfelle før, men det var før allmenngjeringa av tarifflønn.
Trur mørketala er store
– Det dukkar opp frå tid til annan. Spesielt i situasjonar der utanlandske verksemder sender sine folk til Norge. Kanskje kjenner ikkje bedriftene regelverket, eller så let dei medvite vere å følgje regelverket, seier Kristensen.
Han trur også mørketala kan vere store.
– Det vi i Arbeidstilsynet ser, er at vi må ha større fokus på utsende arbeidstakarar. Vi ser også at det av og til er ein del norske bakmenn i desse verksemdene. Norske bakmenn etablerer verksemder utanlands, og så sender dei arbeidarar til Norge som jobbar for altfor dårleg lønn, seier Kristensen.
Han seier ein må sjå på om verkemidla ein sit på, er gode nok.
– Vi må sjå om vi har det regelverket vi treng. Og så må vi jobbe medvite for å få teke tak i desse problemstillingane, seier Kristensen.
Han etterlyser også at oppdragsgjevarane får eit ansvar.
– Det beste verkemiddelet er når fleire krefter jobbar i lag, til dømes både vi og skatteetaten. Og så må vi også få oppdragsgjevarane i Norge til å forstå at dette er gale, og at også dei kan få eit ansvar for at dette er i orden, seier Kristensen.