– Noreg framstår som honningkrukka i Europa

Frp fryktar at velferdsflyktningar frå EU-landa skal undergrava dei norske trygdeordningane, og meiner regjeringa må setja lokket på honningkrukka.

Siv Jensen

Siv Jensen vil avgrensa eksporten av norske trygdeytingar.

Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix

No utfordrar Frp-formann Siv Jensen regjeringa til å ta opp kampen med EU for å hindra trygdeflukt.

– Noreg framstår som honningkrukka i Europa. Det blir veldig lite til kvar om me vil at alle skal kunne falle oppi den krukka, seier Jensen til NRK etter landsstyret i Framstegspartiet laurdag.

– Eksport av norske trygdeordningar

I dagens tale til landsstyret viste ho til den europeiske gjeldskrisa og peika på det ho meiner er ein urovekkjande og eskalerande eksport av norske trygdeordningar.

– I 1998 var denne eksporten på 2,2 milliardar kroner. I 2008 hadde summen stige til 4,3 milliardar. Kontantstøtta svarar til 53 prosent av ei polsk årslønn, barnetrygda til 15 prosent og minstepensjonen to årsløner, sa Jensen og legg til at tala er henta frå NAV.

Ho fryktar at talet på dei som kjem frå Europa til Noreg for å utnytta velferdssystemet vil halda fram med å stiga. Difor vil Jensen at me skal setja strengare krav til europearane si tilknyting til norsk arbeidsliv før dei får kontantstøtte og barnetrygd.

– Noreg har aldri gått opp grenseoppgangane på ein ordentleg måte. Me veit at andre EU-land har trekt opp stolpar og avgrensingar på ein utmerka måte innanfor rammene av EU-avtala. No må jo Noreg begynna å utfordra dette, meiner Jensen.

– Avhengige av EØS-marknaden

Raymond Johansen

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Raymond Johansen, meiner Siv Jensen har feil fokus.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Partisekretæren i Arbeidarpartiet, Raymond Johansen er ikkje uroa over ein europeisk trygdefest i Noreg.

– Den aller viktigaste og største utfordringa i Noreg i dag er å skaffa kvalifisert arbeidskraft. Me er heilt avhengige av at folk kjem hit frå den store EØS-marknaden for å jobba. Heldigvis får ein ikkje rettar i Noreg uten å ha jobba seg opp til det her, seier Johansen.

Men Jensen meiner det er altof lettvint for velferdsflyktningane å få tilgang på desse opptente rettane.

– Styresmaktene i Noreg har vorte åtvara mot ein europeisk trygdefest i Noreg, seier ho.

Frp-leiaren viser til arbeidet til Velferds- og migrasjonsutvalet, det såkalla Brochmann-utvalet, og følgjande utspel frå utvaldsmedlemmet Knut Røed til Dagsavisen den 26.mai i fjor:

«Opp mot 500 millioner mennesker har nå muligheten til å oppnå rett til norske velferdsgoder. En dags arbeid i Norge er nok. Det må norske politikere ta inn over seg», sa Røed til avisa.

Ap slår tilbake mot honningkrukke-utspelet til Jensen og meiner trygdesystemet fungerer godt slik det er i dag.

– Siv Jensen er ikkje oppteken av å få kvalifisert arbeidskraft til Noreg, og ho er ikkje oppteken av sosial dumping, seier partisekretær Johansen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger