Hopp til innhold

Mistenkt for sosial dumping

Tidlegare ordførar i Eigersund Jan Petter Rasmussen blir skulda for å driva sosial dumping av innleigd arbeidskraft frå Litauen.

I eit brev frå Arbeidstilsynet kjem det fram at arbeidarar skal ha jobba opp mot 70 timar i veka utan overtids-betaling, skriv Stavanger Aftenblad.

Rasmussen har i ei årrekke hjelpt bedrifter i Norge med å skaffa arbeidskraft frå Litauen.

Han seier sjølv til Norsk Fiskeoppdrett at bemanningsfirmaet hans legg stor vekt på å følga regelverket.