Hopp til innhold

Bussbrannen i Gudvangatunnelen lagt vekk

Kripos har kome fram til at den trulege brannårsaka var at kjølevæska byrja å koke, melder VG.

Bussbrann i Gudvangatunnelen

UTBRENT: Den svenske turistbussen blei totalskadd då det tok til å brenne i Gudvangatunnelen i august i 2015. 32 kinesiske turistar blei redda ut av tunnelen.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

– Etter å ha etterforska saka har vi konkludert med at verken sjåfør eller andre kan skuldast for det som skjedde, seier politiadvokat Magnus Engh Juel til avisa.

Det var 11. august at det tok til å brenne i ein svensk turistbuss 500 meter inne i den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen. 32 kinesarar blei berga ut frå den brennande tunnelen.

Ingen liv gjekk tapt, men fem personar blei sendt til sjukehus som følgje av brannen.

Hendinga var den andre brannen i Gudvangatunnelen på to år. Ifølgje ein rapport VG skal ha fått tilgang til, skal det vere svikt i kjølinga av radiatoren som førte til at kjølevæska truleg har byrja å koke.

I rapporten blir det konkludert med at motoren truleg mista effekt som følgje av at motorstyringa kompenserte for for høg temperatur i motoren.