Olav Hylland og kinesarane
Foto: Alf Husebø

Helten som ikkje vil vere helt

Han berga 32 kinesarar ut frå brennande tunnel, blei kåra til årets sogning, men nokon helt vil han ikkje kalle seg.

11. august i år: Olav Hylland anar fred og ingen fare der han køyrer på E16 i Aurland. Brått ser han ein buss i brann i Gudvangatunnelen, han fyller opp varebilen sin med kinesiske turistar og får dei frakta i tryggleik. Alle overlever.

– Eg var ved utgangen av tunnelen på Flenja-sida, nokre hundre meter frå tunnelopninga, då eg såg bussen i brann. Huff, ikkje ein gang til, tenkte eg då. Då kom alle tankane frå førre brann og alle konsekvensane som det førte til. Det var ei forferdeleg oppleving, fortel Hylland til NRK.

No, nær fem månader etter branninfernoet, har han fått det heile på avstand. Den dagen i august og tida etter har han blitt framstilt som den store helten. Han som sørga for at det ikkje gjekk liv tapt. Men å sjå på seg sjølv som ein helt, det ligg ikkje til hotelleigaren og turistverten Olav Hylland.

– Eg føler meg ikkje som ein helt. Det blei veldig mykje fokus, men det var media som hausa det opp i alt for stor målestokk. Etter hendinga gjekk eg på jobb som vanleg og tenkte ikkje meir på det. Men så byrja telefonane å ringe og helikoptera å flyge, så blei dette mykje større enn eg hadde tenkt.

Men sjølv om han ikkje ser på seg sjølv som ein helt, så er dei fleste usamde i det. Mellom anna Carnegies Heltefond, som gav han diplom for innsatsen.

Brann blei god butikk

Hendinga i august var den andre brannen i Gudvangatunnelen på to år. Første gongen fekk brann og vegstenging store konsekvensar for Hylland og andre som er avhengige av turismen i Indre Sogn. Denne gongen gjekk det trass alt mykje betre, og han innrømmer at merksemda frå mellom anna kinesiske medier og guidar slo positivt ut.

– Eg har aldri så god butikk som i ettertid. For alle kinesiske guidar laga ei eiga Facebook-side og samlar trafikken til Gudvangen for å gjere godt for meg. Eg har hatt det veldig godt etterpå. Eg trudde faktisk at vi skulle miste heile omsetninga i august denne gongen også, slik vi gjorde sist. Men det har faktisk vore motsett, fortel Hylland og smiler.

Han har ikkje hatt noko kontakt med nokon av dei kinesiske turistane han berga ut i ettertid. Men guiden som var med på bussen har han treft att fleire gonger. Guiden kan ikkje få rosa Hylland nok for innsatsen den augustdagen.

– Eg gjorde det måtte gjerast, og det var å få med seg folka som var i tunnelen. Passasjerane som høyrde til bussen virra rundt og dei hadde ikkje hatt nokon sjanse om vi ikkje hadde klart å transportere dei ut. Heldigvis gjekk det bra.

Bussbrann i Gudvangatunnelen

UTBRENT: Den svenske turistbussen blei heilt utbrent, og Gudvangatunnelen blei stengd lenge.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Imponert over lokalsamfunnet

– Kva tenkte du når du stod midt opp i det?

– Eg tenkte vel ikkje så mykje, eg handla vel på instinkt. Det som var flaks var at eg hadde varebilen med meg den dagen. Det var berre å handle og å få gjort det som skulle gjerast. Det eg lurer på er jo korleis eg fekk dei inn i bilen, for engelskkunnskapane var ikkje så gode frå deira side.

Men noko av det mest imponerande Hylland opplevde, var korleis lokalsamfunnet i Aurland og Flåm klarte å organisere etter at dei for andre gong opplevde tunnelbrann.

– Det blei hektisk i etterkant. Det blei ein god del avbestillingar og omdirigeringar av trafikken. Til forskjell frå førre brann, så fungerte apparatet rundt mykje betre denne gongen. Det var mykje meir trafikk tilgjengeleg på fjorden, og The Fjords i Flåm hadde rekvirert bilferje med ein gong. Skadane blei på den måten mykje mindre enn ved den førre brannen.

Takkar The Fjords for innsatsen

Hylland, som driv hotellet i Gudvangen, er sjølv heilt avhengig at transportsystema i den populære turistkommunen Aurland fungerer som det skal til ei kvar tid. Anten det er på fjorden eller langs vegane.

– Trafikkavviklinga skal vi takke The Fjords for, det var dei som hadde rutekapasiteten tilgjengeleg og sette i gong. Det var ikkje staten, dei gjorde ingenting, meiner Hylland.

Sjølv tenkjer han ikkje på brannen og sin eigen heltedåd når han køyrer langs E16, heller ikkje når han køyrer gjennom Gudvangatunnelen.

– Det tenkjer eg ikkje på i det heile. Eg køyrde gjennom tunnelen i dag og tenkte på heilt andre ting. Om ein skal sitje å tenkje på at ting kan skje når ein køyrer gjennom tunnelane på Vestlandet, så blir det ikkje kjekt å køyre bil i alle fall.

Hylland - faksimile

MYKJE MERKSEMD: Mange kinesiske medier gav Olav Hylland si heltedåd stor merksemd.

Fryktar for katastrofen

Men sjølv om det statistisk sett burde vere lenge til det skjer noko liknande igjen, så fryktar Hylland at ein dag så vil det smelle skikkeleg i ein tunnel på Vestlandet. Hittil så har det ikkje gått liv tapt i tunnelbrann på Vestlandet.

– Det er ikkje tvil om at det kjem til å skje, for sikringa i tunnelane er ikkje på det nivået som dei burde vere. Det er ingen redning utanom sjølvredning i desse tunnelane. Med dei lange tunnelane vi har, så er det berre å vente på katastrofen ein dag. Det som er realiteten. Det er berre eit spørsmål om tid.

At han sjølv blir ståande att som ein av dei store heltane etter den dramatiske tunnelbrannen i Gudvangatunnelen i august, får så vere. Det same at lesarane av Sogn Avis kåra turistverten til "Årets sogning". Når alt kjem til alt, så handlar det om å gjere det rette, meiner Hylland.

– For meg var dette heilt naturleg og eg trur kven som helst hadde gjort akkurat det same. Eg hadde noko val.