Brunosten har blitt stor i Asia.
No vil fleire land lære seg kunsten å lage den norske osten.
Det er særleg blant unge i den sørkoreanske hovudstaden Seoul at brunosten har blitt trendy.
I fjor selde TINE over 100 tonn med brunost til «den fjerne Austen», og i år er salet av brunost dobla i Sør-Korea.
Den aukande populariteten gjer at sørkoreanarane denne veka reiste til Vestlandet for å lære meir om brunosten.
– Eg er her for å sjå på brunostfabrikken og sjå på moglegheitene for å utvide brunost-satsinga i Sør-Korea, seier Heesook Shin, som er global merkevaresjef i Seoul Diary.
Denne vaffelretten med brunost-topping er ein vinnar blant dei unge i Seoul.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRKStørst etter Sverige
– I fjor var Sør-Korea den nest største eksportmarknaden for brunost. Sverige er framleis størst, men det gjev ein peikepinn på kor populært brunosten er blitt i det marknaden, seier Sigmund Bjørgo.
Bjørgo er ansvarleg for Ny internasjonal vekst i TINE, og vil no utvide satsinga til fem andre land i Asia.
– Lengre fram i tid skal vi ha eit fotfeste i ein rekke marknader i Asia, men også andre stader, seier Bjørgo.
Besøket av brunostfabrikken på Byrkjelo på vestlandet blei vel dokumentert.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRKBrukar brunosten i peanøttsmøret
Sjølv om brunosten har blitt populær i Sør-Korea, så har ikkje salet av ostehøvlar tatt av.
Der raspar dei brunosten som topping på mellom anna dessertar.
– Vi brukar han også på pizza, og «koreanske Burger King» bruker han i peanøttsmøret sitt, seier Heesook Shin.
Koreanske Heesok Shin reiste frå heimlandet til Byrkjelo i Vestland for å lære meir om norsk brunost.
Foto: PrivatFabrikksjefen på Byrkjelo, Thorkild Heieren, trur slike kreative løysingar kan bli ein suksess også blant nordmenn.
– Vi har mykje å lære av dei om korleis vi kan bruke brunosten på andre måtar som kan fenge yngre nordmenn meir enn den tradisjonelle bruken, seier han.