Hopp til innhold

Frå tårer til glede i Høyanger

For nokre veker sidan var elevane oppløyste i tårer – i dag jubla dei over at skulen er berga.

Høyanger vgs får leve

LETTA: Mira Hawi Nese (t.v.) er glad for at det også i framtida går mot vidaregåande opplæring i Høyanger.

Foto: Sondre Dalaker/Lars Petter Degnepoll / NRK

Då skulen dukka opp i fylkesrådmann Tore Eriksen si kuttliste for vidaregåande skular, tok elevane til tårene .

Når det no går mot vidare drift både i Høyanger og i Stryn, er skuffelse snudd til lette hos elevane.

– Det er det vi har jobba for. Dei andre kutta er naturlege kutt, sjølv om kanskje er litt drastisk for skulen å misse 57 elevplassar. Samstundes er ingenting vedteke, så det er kanskje håp om å behalde linjene, seier elevrådsleiar Mira Hawi Nese.

– Treng ikkje uroe seg

Opplæringsutvalet har i dag handsama saka om framtidas struktur i den vidaregåande skulen. Fylkesadministrasjonen er beden om å sjå på følgjene av politikarane sine planer og saka er difor utsett til 7. juni. Samstundes er politikarane samde om å spare både Stryn og Høyanger skular i denne omgang .

Politikarar diskuterer skulestruktur.

SAMDE: Norvall Nøringset (SV), Gunn Mongstad (Sp), Noralv Distad (H) og Frida Melvær (H) i diskusjon om den framtidige skulestrukturen.

Foto: Eldgrim Fossheim

Derimot går det mot nedlegging for Luster og Mo og Jølster si avdeling på Vassenden. Grunna elevnedgang har fylkeskommunen sett seg nøydd til å kutte for minimum 70 millionar kroner.

– Eg trur ikkje dei skal uroe seg i Høyanger eller Stryn om at det skjer noko anna enn det vi har snakka om. Det meste er på plass med tanke på å ta vare på skulane, seier utvalsleiar Norvall Nøringset.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Fylkespolitikarane vil ikkje leggje ned dei vidaregåande skulane i Høyanger og Stryn.

To vidaregåande skular redda

Aukar klassetalet

Etter at fylkesadministrasjonen presenterte sine planer for framtidig skulestruktur har både misnøye og fortviling rådd i fleire kommunar.

Tre skular var føreslått heilt fjerna frå skulekartet, medan medielinene skulle samlast i Førde og fire idrettsliner kutta til ei Sogndal. Politikarane har landa på 213 klassar, noko som er fire meir enn fylkesrådmannen si innstilling.

Mira Nese

LETTA: Elevrådsleiar Mira Nese ved Høyanger vidaregåande skule.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg trur dei innsparingane som ligg her no, svarar til halvparten av det ein skal oppnå. Det held til 2016 i alle fall og då er ein i situasjon der må gjere nye grep. Det kan godt vere mange føresetnader som endrar seg til den, seier Nøringset.

Misser «jentefag»

For Høyanger sin del betyr den politiske semja at skulen misser tre yrkesfaglinjer.

– Dei tre vi misser er typiske jentefag, og gjer at det for det meste blir gutar som blir gåande her. Skulen blir meir mannsdominert og får eit heilt anna miljø enn vi har no, seier elevrådsleiar Nese.

Held fram kampen

Ordførar Petter Sortland (Ap) er også nøgd med utgangen av dagen.

Han stadfestar langt på veg at skulekampen er langt frå over for Høyanger sin del.

(Artikkelen held fram under biletet)

Diskusjon i opplæringsutvalet

DISKUSJON: Politikarar i diskusjon under dagens utvalsmøte på Leikanger.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Så ser ein at vi misser nokre liner som er kritiske for Høyanger. Spesielt innan yrkesfag og det ein kan definere som tradisjonelle jenteyrke. Der ser eg moglegheita til å jobbe fram mot fylkestinget, seier han.

Positiv semje

Nøringset meiner det er ein stor fordel at politikarane har klart å semje seg om ei grovskisse for framtidig skulestruktur.

– Det gjer det mykje meir behageleg og lettare for oss politikarar å takle det vidare arbeidet. Vi har eit felles ansvar for å takle dei vidare nedskjeringane når alle har vore med på same vedtaket, seier han og avsluttar:

– Det som blir mykje vanskelegare er justeringane frå år til år. Opplæringsutvalet får ein mykje tøffare jobb kvar vår når det skal avgjerast kva klassar som skal haldast oppe og kva som skal leggjast ned.