Hopp til innhold

Brøytebilsjåførar utsette for ras

Rasulukker på norske vegar råkar ofte dei som er der for å gjere vegen trygg for folk flest. Fire av ti rasulukker råkar nettopp brøytebilsjåførar.

Brøytebil

UTSETT: Brøytebilsjåførar må ofte opphalde seg i område der det er fare for ras.

Foto: Sven Magne Nødland

Statistikken til vegvesenet er nedslåande - 40 prosent av ulukkene råkar brøytebilsjåførane.

Geolog i Statens vegvesen, Svein Helge Frækaland er uroa over at så mange brøytebilsjåførar vert skadd.

- Vi ber ofte sjåførane om å vere forsiktige, seier Frækaland.

Brøytebil tatt av ras

Måndag var over 60 vegstrekningar på Vestlandet stengt grunna ras eller fare for ras. Berre i Sogn og Fjordane var over 20 vegar stengt i morgontimane.

Men sjølv om ein veg vert stengt for trafikk, er det ofte slik at brøytemannskapa framleis trafikkerer på dei risikable strekningane.

Søndag vart ein brøytebil tatt av eit ras på fylkesveg 42 mellom Tonstad og Helleland i Rogaland. Raset drog med seg bilen som hamna på 160 meters djup i Gyravatnet. Politiet reknar sjåføren som omkomen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brøytebil tatt av ras ved Gyavatnet på fylkesvei 42

ULUKKE: Fylkesveg 42 vart sperra av etter raset som tok med seg ein brøytebil søndag.

Foto: Magnar Larsen

I førre veke slapp sjåføren med skrekken då snøfresen han sat i vart delvis teken av eit skred på riksveg 13 over Vikafjellet.

Brøytar rasutsette strekningar

Brøytebilsjåførane er ute på vegane døgnet rundt vinterstid. Ofte på tidspunkt og stader der dei aller fleste av oss let bilen stå.

Slik er det også for brøytebilsjåfør Jostein Televik i Sogn og Fjordane. Måndag skrapa han vekk is og snø på ei rasutsett strekning i Hyen i Gloppen.

Han er ein av mange som set liv og helse på spel på rasutsette strekningar for å halde vegane opne.

- Slik situasjonen er no med mildvêr og regn så er det ei viss fare for ras her, seier Televik.

Han er fullt klar over risikoen og seier nyhenda om brøytebilsjåføren i Rogaland er utrivelege.

- Det er ikkje noko kjekt å høyre at slikt skjer, seier Televik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Raset som tok brøytebilen

TATT AV RAS: Det var her at brøytebilen vart teken av ras på fylkesveg 42 mellom Tonstad og Helleland søndag.

Foto: Eik Waage / NRK

- Er spesielt utsette

Kvar einaste vinter må brøytebilsjåførar ofte opphalde seg i farlege område.

Frækaland seier at når vegvesenet stengjer vegar grunna rasfare er det fordi dei er redd noko skal skje.

- Samtidig er det då brøytemannskapa sin jobb å halde vegen under oppsyn. Dei må ofte trafikkere strekningane for å vurdere situasjonen og følgje med. Då seier det seg sjølv at dei er utsette for fare, seier Frækaland.

Strengare reglar

Geologen fortel at reglane for når sjåførane kan reise ut på farlege vegar er blitt strengare. Framleis er det viktig at sjåførane sjølv gjer vurderingar i sitt område.

- Vegvesenet har alltid ein dialog med dei som brøyter vegane. Dei må sjølv vurdere kor tid det er trygt å brøyte for å halde vegen open, seier Frækaland.

I Hyen seier brøytebilsjåfør Jostein Televik at han ikkje køyrer rundt og er redd for å bli tatt av ras. Likevel har han det i tankane, og det meiner han alle bilistar bør.

- Det er ofte fare for ras og det er ikkje noko kjekt, seier Televik.