- Dette var meir dramatisk enn vi likar. Det var eit om lag 20-40 centimeter tjukt snøflak som losna i rundt 30 meters lengde i den bratte bakkeskråninga ovanfor hjullastaren, seier driftsansvarleg Lars Karlsen i Statens vegvesen til Fjordingen.
Hadde døra opa - ville hoppe
Dramatikken på Strynefjellet skjedde fredag føremiddag, då føraren av ein hjullastar med snøfres skulle opne småsvingane ovanfor Vidasæter på den gamle Strynefjellsvegen.
- Han såg at skredet kom, og gjorde seg klar dersom det vart for mykje. Han sto med døra opa - klar til å hoppe, seier Karlsen til NRK.
Føraren hadde ingen sjanse til å rygge tilbake - for skredet losna like ovanfor vegen og kom i stor fart mot hjullastaren.
Det heile enda med at føraren kunne krype ut den opne døra etter at skredet hadde stoppa.
Geolog skal vurdere faren
Statens vegvesen måtte ha anna maskinhjelp for å trekkje hjullastaren ut igjen av snøskredet.
- Vi har no tilkalt geolog, som skal vurdere rasfaren nærmare, seier Lars Karlsen.
I utgangspunktet skulle vegen ha opna 1. juni, men det er førebels usikkert kva snøskredet får å seie for det vidare arbeidet med å frese vegen.