Måndag morgon var over 20 vegstrekningar stengt som følgje av ras eller rasfare berre i Sogn og Fjordane.
- LES OG:
- Farlegaste perioden over
Det er framleis fare for skred, men både meteorologane og Norges Geotekniske Institutt (NGI) seier faren i Sogn og Fjordane vert mindre utover veka.
- Den farlegaste perioden er nok over, seier skredekspert Steinar Bakkehøy ved NGI.
Måndag morgon vart ein mann tatt at eit is- og snøskred i eit elvefar i Jølster. Mannen var i live då han vart sendt til sjukehus.
- LES OG:
(Artikkelen held fram under biletet)
TATT AV ISMASSAR: Mannen sat på eit berg ute i elva då store mengder is og snø førte han med seg fleire hundre meter nedover elva.
Foto: Simon Solheim / NRKI løpet av måndagen og tysdagen vil det framleis kome ein del nedbør.
- Det som kjem av nedbør har gått over til bygevêr, seier meteorolog Anne Solveig Andersen ved vêrvarslinga på Vestlandet.
I helga har det gått fleire snøskred og fleire bygder har blitt isolerte i Sogn og Fjordane.
- LES OG:
- LES OG:
- LES OG:
Mindre nedbør og kaldt vêr
I tillegg til at det er varsla mindre nedbør vert det også kaldare, noko som påverkar skredfaren.
- Temperaturen vil gå gradvis nedover. Når vi kjem til onsdag vil det fleire stader vere minusgrader. Det gjer at det som er av snø i fjellet stabiliserar seg, seier Andersen til NRK.no.
Likevel ber både Andersen og Bakkehøy folk om å vere forsiktige.
- Det kan framleis gå ein del våte snøskred. Akkurat kor er vanskeleg å seie, men folk bør framleis vere obs på dette, seier Bakkehøy i NGI.