Kraftig snøfall og stormar den siste veka har medført stengde fjellovergangar, kaotiske tilstandar fleire stadar i Sør-Noreg og mykje arbeid for norske brøytebilsjåførar.
– Det er alltid utfordringar og mange ein skal ta omsyn til. No har det i tillegg vore mykje våt og tung snø, seier Arild Taule.
Bak rattet i brøytebilen har han kontroll over 630 hestekrefter. Taule veit at jobben han gjer er viktig, men likevel opplever han at folk ikkje alltid har respekt for arbeidet.
– Vi er jo her for bilistane – for at dei skal kome seg fram. Likevel er det mange som ikkje tek omsyn, seier brøytebilsjåføren.
- Les òg:
– Burde ikkje hatt sertifikat
Taule fortel at han stadig opplever at bilistar tek skumle forbikøyringar i for å spare tid.
– Også når vi ligg tre-fire brøytebilar etter kvarandre på ein motorveg, finn bilistar på å køyre forbi. Eg veit ikkje om dei har det travelt med å øydelegge seg sjølv, eigen bil eller liv og helse, men slik dei heldt på er galskap!
Taule får støtte frå fagsjefen i vintervedlikehaldsleverandøren Løvaas maskin.
– Slike burde ikkje hatt sertifikat. Det er heilt horribelt å sjå forbikøyringar av brøytebil på tofelts veg, seier Magne Løvaas.
– Finst det tilfelle der ein kan køyre forbi ein brøytebil?
– Aldri utan at ein får signal frå brøytebilen, i form av lys eller at den svingar ut, seier Løvaas.
- Sjå NRK-serien «Brøyt i vei» her
– Smalt før eg rakk å reagere
Ein novemberkveld i fjor fekk Torbjørn Lundhaug frå Bergen erfare konsekvensane av ei slik forbikøyring. Han var han på veg heim frå Oslo, då det smalt på Hemsedalsfjellet.
– Like etter å ha passert Hemsedal ser eg brått at det kjem to køyretøy mot meg. Eitt i mi køyrebane, og eitt i den andre. Det heile gjekk veldig fort, fortel Lundhaug.
Ein bil som forsøkte å køyre forbi ein strøbil, rakk ikkje svinge inn igjen i riktig køyrebane før han trefte caravellen til Lundhaug.
– Før eg rakk å reagere, smalt det.
– Det var ein kraftig kollisjon, sa politiet til Hallingdølen like etter ulukka.
– Ille
I Yrkestrafikkforbundet er dei kjend med dei problematiske forbikøyringane.
– Sjåførar opplever at bilistar openbart ikkje forstår at det er meir krevjande å handtere ein stor bil på vegen, enn ein personbil, seier generalsekretær Trond Jensrud.
– At slike episodar finn stad, viser at enkelte ikkje har tanke for heilskapen i trafikken. Det er ille, meiner han.
Snart fire månader etter kollisjonen på Hardangervidda er Lundhaug framleis bitter.
– Når ein tek ei slik forbikøyring, gjer ein ei grov feilvurdering. Det er som å ta eit balltre og knuse ned ein tilfeldig person på gata. I dag er eg lukkeleg for at eg var åleine i bilen. Dei få minutta den andre sjåføren prøvde å spare på forbikøyringa, kunne tatt livet av ein heil familie.