Hopp til innhold

Fleire byar kan gå tom for brøytepengar

All snøen og kulden i starten av 2018 gjer store innhogg på brøytebudsjetta i storbyane i Sør-Norge – sjølv i elles så milde og snøfattige Stavanger.

Snøfjerning

Bymiljøetaten i Oslo reknar med å bruka dobbelt så mykje pengar på vintervedlikehald i 2018 som i fjor. Her fjernar etaten snø på Bøler etter det kraftige snøfallet i Oslo i slutten av januar.

Foto: Anders Fehn / NRK

I oljehovudstaden er brøytebudsjettet på sju millionar kroner i året.

Men berre i løpet av årets første månad er det brøyta og strødd for om lag 2,5 millionar kroner. Februar har også vore kostbar så langt. Det i ein by som kan vera både mild og snøfattig, sjølv vinterstid.

– Me har ikkje budsjett som er tilpassa store snømengder. Budsjettet ligg rundt snittet av det me vanlegvis bruker. Nå ligg me i overkant, så me kjem nok til å bruka opp pengane i år, slår park- og vegsjef Torgeir E. Sørensen fast.

Held vintervêret fram, får det konsekvensar for andre vedlikehaldsoppgåver i kommunen.

– Brøytebudsjettet inngår i det totale vegvedlikehaldet. Det betyr at me må stramma inn på andre ting, som reinhald og asfaltering, seier Sørensen.

Torgeir E. Sørensen

Park- og vegsjef Torgeir E. Sørensen får truleg ikkje noko problem med å bruka opp brøytebudsjettet sitt i år.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Dobbelt brøytebudsjett i Oslo

Stavanger kommune sin pengebruk på brøyting blir uansett berre å rekna som småpengar mot Oslo kommune.

På grunn av dei uvanlege snømengdene i hovudstaden, reknar Bymiljøetaten med at dei vil bruka om lag 180 millionar kroner på vintervedlikehald i 2018. Det er om lag dobbelt så mykje som i i fjor.

Derfor blei det i går klart at byrådet set av 53 millionar kroner ekstra til snørydding i år.

– Mens andre har føreslått store kutt i Bymiljøetaten sitt budsjett, har byrådet også tidlegare auka rammene for vinterdrift. I år har det vore så mykje snøfall at me etterløyver det som trengst, seier Robert Steen, byråd for finans, i ei pressemelding.

Løkkeveien Stavanger

Det har blitt brøyta og strødd mykje i Stavanger i januar og februar. Bilete er frå Løkkeveien.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ein million per døgn i Bergen

Også Bergen kommune har hatt ein tøff vinter med meir snøfall enn vanleg. Brøytebudsjettet til Bergen kommune er på totalt 36 millionar kroner.

– Denne vinteren har så langt gjort eit godt innhogg på budsjettet. Fleire døgn har me hatt alle tilgjengelege mannskap ute på døgnbasis. Det kostar oss om lag ein million per døgn, seier avtroppande leiar for park og veidrift i Bymiljøetaten i Bergen kommune, Rune Hesjedal.

Brøytebudsjett

Kommune

Årsbudsjett brøyting, strøing og salting

Brukt per 13. februar 2018

Oslo

180 millionar kroner (dobling frå 2017)

opp mot 90 millionar kroner

Bergen

36 mill kr

ukjent, men bruker 1 mill kr per døgn når alt mannskap er ute

Stavanger

7 mill kr

2,5 mill kr i januar, februar ukjent

Kristiansand

8 mill kr

4 mill kr

Halvparten brukt opp i Kristiansand

For Kristiansand kommune er årsbudsjettet for brøyting, strøing og salting på om lag åtte millionar kroner. Teknisk direktør i kommunen, Terje Lilletvedt, reknar med at om lag halvparten av pengane alt er brukt opp.

– Me er berre kome til midten av februar og det er store sjansar for at me går tom i løpet av året. Likevel ligg me greitt an samanlikna med tidlegare år.

Men sjølv om brøytepengane tar slutt før året er omme for storbyane i Sør-Norge, blir ikkje brøytebilane parkert av den grunn, lovar kommunane.

– Me skal halda standarden vår uansett. Me sluttar ikkje å brøyta og strø vegane våre dersom me brukar opp budsjettet, seier Rune Hesjedal i Bymiljøetaten i Bergen kommune.