Det kraftige uvêret har sett sitt preg på store delar av Sør-Noreg i løpet av natta. Fleire fjellovergangar er stengde, og i Hordaland har politiet rykka ut til fleire trevelt.
Også utover torsdagen er det venta uvêr.
Yr.no melder at vêret kan kome opp i full storm i fjella i Sør-Noreg, og sende onsdag ut OBS-varsel.
– Vi har åtvara mot sterke vindkast og det vil vare fram til kvelden. Det har vore verst på fjellet og langs kysten, seier Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Kan vere farleg i fjellet
Sjølv om den verste vinden ifølgje meldingane skal roe seg ned utover torsdagen, bles det framleis kraftig enkelte stader i Sør-Noreg.
Det inneber at det kan vere farleg å ferdast i fjellet.
Sterke vindkast kan føre til lokale straumbrot, men førebels har ikkje BKK meld om dette.
Det er også venta vanskelege køyreforhold på Vestlandet sør for Stad fram til fredag morgon.
Fleire trevelt og tak som fôr med vinden
Det heile starta onsdag kveld, då vinden reiv av eit tak på Minde i Bergen.
Litt seinare vart også eit selskapslokale på Bryne ramma av den kraftige vinden.
Vest politidistrikt har hatt fleire utrykkingar etter meldingar om velta tre natt til torsdag.
– Dei fleste er no rydda opp, og ingen har blitt skadde i løpet av natta, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.
Folk vert oppmoda om å sikre lause gjenstandar.
Aukar beredskap på togstrekningane
Flytrafikken på Flesland går som normalt.
NSB melder at dei fleste tog er i rute og går som normalt, men varsla onsdag kveld at dei har auka beredskapen på grunn av vêret.
– Det inneber at vi følgjer godt med strekningane og har ekstra mannskap og maskiner klare. Når det kjem utfordrande vêr slik som no, er me budde på å møte det som eventuelt måtte kome, seier Hilde Marie Braaten, pressevakt i Bane NOR.
Fleire stengde fjellovergangar
På europaveg 134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring på strekninga Liamyrane bom – Haukelitunnelen. Strekninga kan bli stengd på kort varsel.
Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, riksveg 7 over Hardangervidda, fylkesveg 50 Hol-Aurland, fylkesveg 45 i Hunnedalen og fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet er alle stengde grunna uvêr. Riksveg 13 over Vikafjellet er også stengd og blir ikkje opna att i dag.
Også fleire av ferjesambanda er påverka. Både Kvanndal-Utne og Halhjem-Våge er innstilte inntil vidare grunna uvêr.
Glatte vegar
I Rogaland er det også svært glatte vegar. Eit vogntog står fast på Ålgård, noko som førar til farlege forbikøyringar. I tillegg har ein lastebil velta og ein buss skal stå på tvers i vegen i Sandnes. Ein lastebil skal også stå fast på same stad.
I Sogn og Fjordane har det gått eit snøskred på fylkesveg 55 ved Esebotn mellom Dragsvik og Balestrand. Vegen er stengd, og det vert mellombelse endringar i rutetabellen for ferjestrekninga Dragsvik-Hella-Vangsnes.
Fjord 1 melder at dei sett inn beredskapsrute på strekninga.