Hopp til innhold

Brei støtte til aleinefest-kommentar

Kritikken om at norske lokalpolitikarar oppfører seg som festdeltakarar får brei støtte. Men fleire åtvarar om at forma skygger for innhaldet.

D7CE2kYSFrY

ALL SPENNING I DENNE SAL: Det er auka spenningsnivå mellom riks- og kommunepolitikarar etter at NRK dokumenterte 44.000 små og store naturinngrep dei siste fem åra.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Alfred Bjørlo (V) blei sist veke kritisert for «respektlaus» og «uparlamentarisk» tale etter at han karakteriserte naturforvaltninga i Kommune-Noreg som ein «heime-aleine-fest».

Andre beit seg merke i at motivet også hadde eit element av «sjølvsmiger» og «snikskryt» – sidan Bjørlo gav seg sjølv rolla som den ansvarlege huseigaren.

Éi veke seinare har frontane skove på seg, og Bjørlo får brei støtte.

  • Dels fordi han «har eit poeng».
  • Dels fordi ordbruken er «godt innanfor vanleg politisk sjargong».
  • Dels fordi Bjørlo sjølv har blitt karakterisert som ein «distriktspsykopat», og tok det med eit smil.
  • Og dels fordi bildet av politiske motstandarar som ustyrlege festdeltakarar inngår i den same retoriske tradisjonen som Emilie Enger Mehl (Sp) nytta seg av i 2021.

I forretningsorden til Stortinget, heiter det at «upassande eller fornærmeleg åtferd» ikkje er tillaten, og at «slik åtferd eller tale skal påtalast av presidenten».

Stortingspresidenten greip ikkje inn under disputten mellom Bjørlo og Sande.

Hjemme alene-fest

I 2021 var rollene mellom Senterpartiet og Venstre snudde på hovudet da stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl (Sp) klaga over at Venstre arrangerte «heime-aleine-fest» i regjeringskorridorane til Erna Solberg.

Foto: Håvard Nyhus

Strid om kommunane er «vaksne nok»

Eg heiar på denne metaforbruken. Det blir kjedeleg språk om dei vaksne er heime heile tida, seier professor i retorikk, Kjell Terje Ringdal.

Bakgrunnen for striden er eit gammalt vedtak frå 1985 som gav kommunane høve til å godkjenne eigne arealplanar. Innan dette dreiv staten meir omfattande ettersyn.

Det springande punktet er om kommunane er «vaksne nok» til å skjøtte dette ansvaret, eller om dei treng ein «verje» som kan ha eit meir overordna blikk på norsk naturforvaltning.

Så seint som i januar presiserte Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen at det ikkje var aktuelt å «vengeklippe» det lokalet sjølvstyret.

Presiseringa kom etter auka press om å løfte meir av arealplanlegginga over på høgare plasserte forvaltningsnivå.

Fleire av dei som støttar Bjørlo åtvarar likevel om at sjargongen skygger for substansen og gjer kritikken mindre effektiv enn han elles ville vore.

Hilde Øvrebekk, kommentator i Stavanger Aftenblad
Stavanger Aftenblad

Hilde Øvrebekk, kommentator i Stavanger Aftenblad

– Eg tenker at det er greitt å sette ting på spissen for å få merksemd om det ein meiner er ei viktig sak. Omgrepet heime-aleine-fest er her brukt i overført betydning, og ikkje som eit angrep på lokalpolitikarane. Men det Bjørlo risikerer er samtidig at debatten nå heller handlar om krangelen om ordval og om avstanden mellom rikspolitikarar og lokalpolitikarar, i staden for bevaring av natur og dei vanskelege vala lokalpolitikarar står overfor når dei må vege natur opp mot andre lokale interesser.

Vebjørn Selbekk
NTB

Vebjørn Selbekk, redaktør i Dagen

– Her heiar eg på Bjørlo. Eg synest dei som reagerer på dette er litt for lettkrenkt, altså. Denne språkbruken er heilt innanfor etter mi meining. «Heime-aleine-fest» er eit folkeleg og godt uttrykk og mykje meir engasjerande enn det vanlege og kjedelege ordet «uansvarleg» som politikarane allereie har brukt opp. Det politiske ordskiftet har godt av litt meir fargerikt språk og gode karakteristikkar. Det er ikkje for mykje av det. Når det blir for grått og kjedeleg, så går interessa for det politikarane held på med, berre nedover.

Svein Erik Tuastad, valforskar og statsvitar
NRK

Svein Erik Tuastad, valforskar og statsvitar

– Mi vurdering er at dette bør vere klart innanfor det som er parlamentarisk språkbruk, av to grunnar. For det første er det ikkje retta mot motdebattanten og såleis ikkje nedsetjande om han, men det er eit forsøk på å beskrive ein tilstand. For det andre er sjølve biletet ikkje urimeleg, sjølv om det er spissa. Reglane for parlamentarisk språkbruk på Stortinget generelt er viktige fordi det skal vere ein verdigheit over folkeforsamlinga.

Maja Sojaric, politisk redaktør i Nordlys
Nordlys

Maja Sojaric, politisk redaktør i Nordlys

– I det løpande politiske ordskiftet må vi ha rom for eit frodig språkbruk. Men det er mange nyansar som går tapt i denne diskusjonen. Det er lett å gløyme kor ein kjem frå når ein hamnar på Stortinget. Og kva små kommunar faktisk har å stri med. Nasjonale tiltak må ha eit nedanfrå og opp-perspektiv. Elles vil dei ikkje fungere. Erling Sande målberar i stor grad dei bekymringane som finst i distrikta. Det er uklokt ikkje å lytte. Folk fryktar at hyttefelt i sentrale strøk rundt Oslo har ført til ein uvilje til alle utbyggingar i Noreg.

Morten Wedege, forbundsleiar Naturviterne
Torbjørn Hundere / Naturviterne

Morten Wedege, forbundsleiar Naturviterne

– Natur- og klimakrisa er godt dokumentert og altfor alvorleg til at vi kan la oss avspore av ein debatt om form, i staden for innhald. Det viktige er at Stortinget i større grad hjelper lokalpolitikarane med handteringa av nasjonale natur- og klimamål. Framover må samfunnet økonomisere i arealpolitikken. Areal er ein avgrensa ressurs og det har vore altfor lett og billig å bygge ned natur. Eg saknar tydelege signal frå både regjeringa og Stortinget til statsforvaltarane med klarare grensesetting i arealforvaltninga i kommunane.

Trygve Svensson, leiar for Tankesmien Agenda
Agenda

Trygve Svensson, leiar for Tankesmien Agenda

– Eg synest det er heilt innanfor med heime-aleine-fest som uttrykk. Eg saknar meir «både-og» framfor «enten-eller» i det politiske innhaldet i saka. Kor er det gode eksempla på kommunar som har greidd å sameine vekst og vern? Vi må nemleg klare begge delar framover. For inspirasjon kan politikarane lese notata vi publiserte i «grøn vekst»-prosjektet vårt. I desse makta-tider kan det også vere morosamt å svinge innom teksten frå 1993 med den talande tittelen «Vekst, vern og utvikling» av sjølvaste Gro Harlem Brundtland.

Svein Tore Marthinsen, valanalytikar
Avisa Oslo

Svein Tore Marthinsen, valanalytikar

– «Heime-aleine-fest» er eit godt, folkeleg omgrep som er eit friskt, politisk ordskifte fint bør tole. Også på Stortingets talarstol. Politikarar som søker tillitsverv må finne seg i politisk kritikk. Det gjeld også lokalpolitikarar. Den underliggande dimensjonen i diskusjonen mellom Bjørlo og Sande omhandlar vekst vs. vern. Det er ei motsetning med djupe røter i norsk politikk. Språket er viktig å diskutere, men saka er viktigare. Det er derfor å håpe disputten etter kvart kan dreie over frå språkbruk til sak.

Bernt Aardal, valforskar
NRK

Bernt Aardal, valforskar

– Når det gjeld såkalla «parlamentarisk språkbruk», er nok grensene flytande – ikkje minst har det vore endringar over tid. Raffinementet i beskrivingane av motstandarar varierer òg. Noko av det mest infame, men noko som passerte, stammar frå Carl Joachim Hambro. Han sa i ein stortingsdebatt at «det må stå representantane fritt å gi uttrykk for den forvirringa som herskar i deira indre.»

HoYswBxzbgQ
NTB

Ane Breivik, Venstre

– Etter mi meining kunne Alfred Bjørlo med rette formulert seg enda krassare. Det er ikkje noko festleg, det Kommune-Noreg driv med. Det er ein katastrofe. Eit openbert eksempel er den massive hytteutbygginga, som nasjonalt står for 25 prosent av nedbygging av natur. Eg meiner det gjennom ei heil rekke saker er tydelege at kommunane ikkje er skikka til å forvalte den felles naturen vår.

Geir Vinsand, Nivi analyse
Lars Tore Endresen / NRK

Geir Vinsand, Nivi analyse

- Bjørlo har heilt rett i karakteristikken sin. Generalistkommuneutvalet har dokumentert heimealeine-fest i store delar av dei norske kommunane. Verkelegheitsbildet som er beskrive er flautt for heile kommunesektoren og ikkje til å leve med. Det må takast strukturelle greip til for å rette opp ubalansane. Det kan skje i form av ein ny runde med endringar i kommunestrukturen og innføring av meir systematisk samarbeid mellom kommunane.

– Ikkje lenger like lett som før å ture fram

Lars H. Gulbrandsen (PhD) er forskingsleiar ved Fridtjof Nansens Institutt.

I fjor fekk instituttet 12 millionar kroner til å forske på arealkonfliktar mellom sentralt og lokalt nivå. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet.

Gulbrandsen meiner det auka spenningsnivået mellom lokalpolitikarar og rikspolitikarar først og fremst er eit godt teikn:

Det er ikkje lenge sidan Vegvesenet kunne planlegge vegar rett gjennom skog og myr, utan at nokon tenkte på karbonutslepp og naturtap. Slik går ikkje lenger, i alle fall ikkje utan at det blir debatt.

Han legg til:

På same måte er det når kommunar set av område til hyttefelt. Det er ikkje lenger like lett å ture fram, og det aukar konfliktnivået.

Debatt mellom Alfred Bjørlo og Erling Sande på Stortinger

Bjørlo fekk omgåande svar på tiltale frå kommunalminister Erling Sande (Sp). – Dette er ein respektlaus måte å omtale norske lokalpolitikarar på, sa han, tydeleg opprørt.

Taler for ei høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen

I 2014 sende daverande statsråd Jan Tore Sanner (H) brev til fylkesmennene med instruks om å vektlegge avgjerdene til lokaldemokratiet i plan- og byggesaker sterkare.

Riksrevisjonen åtvara i 2018 om at føringane på bruk av innvending var i strid med intensjonane til Stortinget.

Like fullt er instruksen om at staten skal ta eit steg tilbake og «komme med færre innvendingar mot lokale avgjerder» gjentatt av kommunalminister Monica Mæland (i 2019) og i Hurdalsplattforma.

Sistnemnde slår fast at «statlege og regionale myndigheiter skal vektlegge lokaldemokratiet når det blir vurdert om det skal fremjast innvending».

Jurist Fredrik Holth ved NMBU meiner åtvaringane frå Riksrevisjonen taler for ei høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen, men at denne neppe blir noko av fordi skulda er fordelt på altfor mange hender.

Under andre omstende ville nok ein systemsvikt som dette leidd til ei høyring, seier han.

Ein ringerunde til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, viser at appetitten på ei høyring stort sett er beskjeden (sjå under).

Lan Marie Berg, MDG
NTB

Lan Marie Berg, MDG

– Riksrevisjonens åtvaringar taler for ei høyring på Stortinget. Nedbygginga av norsk natur er ute av kontroll. Åtvaringane frå Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen er eigentleg heilt umoglege å misforstå, likevel har både Erna og Jonas sete med hendene i fanget og sett på at systemsvikten har utvikla seg. Ideen om at staten helst ikkje skal gripe inn styre politikken til regjeringa og fører til at stortingsvedtaka som skulle verne natur mot nedbygging og privatisering ikkje blir følgd. NRKs avsløringar den siste tida har vist at regjeringa heller ikkje har oversikt over kva slags natur som går tapt. Eg håpar nå at fleire parti vil signalisere at dette kan vere ei sak for Kontrollkomiteen – det kjem vi i MDG til å jobbe for at det blir.

B84Fju34KeM
NTB

Grunde Almeland, Venstre

– I denne saka har Stortinget både ønskt seg meir natur og mindre innvendingar, noko som vanskeleg kan la seg gjennomføre. Både regjeringa som Sanner var ein del av i 2014 og seinare regjeringar har vore opne med Stortinget om praksisen deira med færre innvendingar, og omsyna som ligg bak. Sjølv om Venstre er ueinige med politikken som har blitt ført, og som bevisleg har ført til mindre natur, er ikkje det i seg sjølv grunn nok til å ta saka opp i kontrollkomiteen, slik eg ser det per nå.

WBTD7ha62Xg
NTB

Seher Aydar, Raudt

– Det kan vere behov for ei høyring om nedbygging av natur og korleis systemet med at statsforvaltarane skal passe på naturomsyn, eigentleg fungerer i praksis. Vekslande regjeringar har gjort sitt beste for å undergrave ordninga. Dette er likevel først og fremst politikk. Når vekslande regjeringar har understreka overfor fylkesmenn at dei skal vere varsame med innvendingar, så har dei reelt sett hatt ryggdekning i eit fleirtal i Stortinget til dette. Nå påpeikar Riksrevisjonen at regjeringa ikkje opptrer i tråd med stortingsvedtak på feltet, og kan vi ikkje utelukke at kontrollkomiteen må ha dette på bordet på eit tidspunkt.


o_3rjWU4nIY
NTB

Nils T. Bjørke, Senterpartiet

– Vi tek dette på alvor, men spørsmålet er fyrst og fremst politikk, difor har denne regjeringa stramma inn på om disponering av dyrka mark og me ynskjer sterkare vern av ho. Samstundes må kommunane få påverka utviklinga. Eit døme: Senterpartiet vil ha stort kommunalt sjølvstyre men ikkje på jordvern, Frp vil ha stort kommunalt sjølvstyre, men ikkje på eigedomsskatt. Det meiner eg viser ulike måtar å tenkja på. For min del så meiner eg Sp står for stort kommunalt sjølvstyre på saker som eit nytt kommunestyre kan gjera om på, mindre på saker som er uopprettelege.

Les også Bergen droppar mål om å stanse naturtap

Bergen

vingen helleristningsfelt

Bakgrunnen for «fest-uttalen» var Bremanger kommune sitt ja til å bygge eit steinbrot i nærleiken av Vingen helleristningsfelt – trass protestar frå Statsforvaltaren, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og utlandet.

Foto: Visit Nordfjord