Hopp til innhold

– Dette er tungt for oss alle, men eg tenkjer mest på dei pårørande

Brannmannskapa i Sogndal er sterkt prega etter dødsulukka der ein brannbil under utrykking kolliderte med ein personbil onsdag.

Montasje

STERKT PREGA: Sjef for Sogn brann- og redning, Vidar Trettenes.

Foto: Aleksander Åsnes/Sondre Dalaker / NRK

– Dette er tungt for oss alle, men eg tenkjer mest på dei pårørande til han som døydde. Det er dette som er fokuset mitt no, seier brann- og redningssjef Vidar Trettenes

Brannmannskap var på veg for å sløkke ein bråtebrann på Leikanger då tankbilen kolliderte med ein personbil.

Ulukka skjedde ved Lomelde mellom Sogndal og Leikanger på riksveg 55 onsdag ettermiddag. Sjåføren blei kritisk skadd og frakta til sjukehus med helikopter. Nokre timar seinare kom meldinga om at den 48 år gamle mannen var død.

Statens havarikommisjon var torsdag på ulukkesstaden for å hente inn opplysningar om ulukka.

Samla seg på brannstasjonen

Etter ulukka var mannskapet samla på brannstasjonen for å gå gjennom det som har skjedd.

– Vi har hatt ein gjennomgang, noko som er normal prosedyre. Her får den enkelte gitt uttrykk for sine kjensler og det som har skjedd, seier Vidar Trettenes.

– Korleis blir oppfølginga framover?

– Vi har sjølvsagt stor medkjensle for dei pårørande til han som mista livet. I forhold til eigne tilsette brukar vi kvarandre og så er det å bruke bedriftshelseteneste og vanleg helseteneste.

Etterforskar ulukka

Vidar Trettenes

PREGA: Brann- og redningssjef Vidar Trettenes seier det som har skjedd er tungt for alle.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Innsatsleiar på ulukkesstaden, Eirik Ristesund, fortalde til NRK at det ser ut til at brannbilen har kome over i motsett køyrebane.

– Det er for tidleg å seie noko om kva fart bilane har hatt i kollisjonen, seier lensmann i Sogn, Inger Lill Lanes.

Politiet ha gjort fleire avhøyr etter ulukka og skal no gjere ferdig dei tekniske undersøkingane.

– Vi skal finne ut korleis dette kunne skje. No skal vi undersøke dei funna vi har ut ifrå forklaringane vi har fått inn. Det inneber mellom anna å måle opp spor og undersøke bilane, seier Lanes.

Har ikkje skjedd før

Det er første gong Sogn brann og redning er involvert i ei ulukke. Trettenes seier dei tilsette har det tøft no.

– Vi vil nok kjenne på dette i lang tid framover, for det er spesielt når vi som etat sjølv er involvert. Det er har ikkje skjedd før, og vi må handtere dette så godt vi kan.

No skal brannvesenet ha debrifing saman med politiet og ambulansepersonellet.

– Dette bør skje innan 72 timar. Då har vi ein gjennomgang og følgjer opp dei tilsette. Det gjeld å gi støtte til kvarandre og her er kanskje kollegastøtte det viktigaste, men det skal vere låg terskel for å ta kontakt med helsetenesta, seier han.

Trafikkulukke mellom Leikanger og Sogndal

ALVORLEG ULUKKE: Ein brannbil og ein personbil frontkolliderte onsdag ettermiddag ved Lomelde på Slinde utanfor Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK