Hopp til innhold

Havarikommisjonen i gang med å granske den tragiske ulukka

Havarikommisjonen for transport er no gang med å finne årsaka til den tragiske frontkollisjonen i Sogndal onsdag, der ein 48 år gamal mann omkom.

Dødsulukke ved Lomelde i Sognal

FRONTKOLLISJON: Tankbilen frå Sogn brann- og redning var på veg til ein bråtebrann då den alvorlege ulukka skjedde like før klokka 15.30 onsdag ettermiddag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Havarikommisjonen blei raskt varsla om den alvorlege ulukka på fylkesveg 55 og sankar no informasjon for å finne ut meir om kva som skjedde.

– Vi har vore på ulukkesstaden i dag for å hente inn ytterlegare opplysningar. Vidare undersøkingar vil bli vurdert framover, seier kommisjonen i ei pressemelding.

Målet med granskninga er å betre tryggleiken.

– Dette var ei alvorleg ulukke med eit utrykningskøyretøy og ein personbil. Vi samlar informasjon for å danne oss eit bilete av kva som har skjedd, og for å betre tryggleiken, seier William Bertheussen, som er direktør i Havarikommisjonen.

Føraren av personbilen blei frakta til sjukehus med luftambulanse etter ulukka og politiet opplyste at mannen var kritisk skadd. Like før kl. 21 onsdag kveld opplyste politiet at mannen som budde i Sogndal, døydde i ulukka.

Var på utrykking

Ulukka skjedde ved Lomelde mellom Sogndal og Leikanger på riksveg 55 og alle naudetatane rykka ut.

Brannbilen var på veg for å hjelpe til i sløkkinga av ein bråtebrann på Leikanger.

– Det var ein av tankbilane frå Sogndal som var på veg til å hjelpa til med bråtebrannen på Leikanger. I brannbilen var det ein sjåfør og det var ein person i personbilen. Sjåføren av brannbilen er fysisk uskadd og hjelper til på ulukkesstaden, sa vaktleiar på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Jan Gunnar Holvik.

Veit ikkje årsaka

Årsaka til ulukka er framleis ikkje kjend. Statens vegvesen si ulukkesgruppe og politiet har gjort undersøkingar på staden.

Vegen var stengt i over tre timar etter ulukka, men like før klokka 19 opna vegen for fri ferdsel i begge retningar.

Eirik Ristesund

INNSATSLEIAR: Politibetjent Eirik Ristesund er på ulukkestaden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Innsatsleiar Eirik Ristesund seier at ulukka no blir etterforska.

– Det ser ut til at brannbilen har kome over i motsett køyrefelt, men vi veit enno ikkje kvifor det har skjedd. Vi skal gjere vitneavhøyr av dei som såg ulukka, og vi skal gjere oppmålingar på staden, seier han til NRK.

Ulukke på Lomelde

ALVORLEG ULUKKE: Ein brannbil og ein personbil frontkolliderte onsdag ettermiddag ved Lomelde på Slinde utanfor Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Lomelde