Hopp til innhold

– Huset rørte på seg då røykdykkarar gjekk inn

Deler av huset som blei totalskadd i Bergen i natt har rasa saman. Brannmannskap trekte seg ut då bygget bevegde på seg.

Skader etter brann i Skostredet i Bergen

BRANN: Eit hus blei totalskadd etter ein brann i Østre Skostredet i Bergen i natt. Deler av huset rasa saman.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Seint måndag kveld braut det ut brann i eit eldre trehus i Østre Skostredet i Bergen. Flammane slo gjennom taket.

Brannvesenet starta sløkking ovanfrå for å hinda spreiing. Det brann i kledningen mellom to tilstøytande hus, men brannmannskapa klarte å avgrensa skadane til det eine huset der brannen etter alt sannsyn starta, opplyser brigadeleiar Tom Berentsen.

Tre menn blei berga ut frå bygget.

– Store skader innvendig

01.51 melde brannvesenet at brannen var under kontroll. Litt mindre enn tre timar seinare var brannen i bygget sløkt. Røykdykkarar tok seg etter kvart inn i bygget og søkte gjennom huset. Då hadde allereie deler av andre etasje og loftsetasjen rasa saman.

Brann i Skostredet mars 2017

HØGE FLAMMAR: Ekstramannskap blei kalla inn for å hindra at flammane spreidde seg til nabohusa. – Sånn sett nådde me målet me hadde sett oss, seier brigadeleiar Tom Berentsen.

Foto: BERGEN FOTO OG MEDIA

– Huset er totalskadd slik me ser det. Andre etasje og loftsetasjen er rasa saman og falle ned. Huset har ganske store skader innvendig, seier Berentsen.

Då røykdykkarar gjekk gjennom bygget skal bygget ha vore i rørsle. Brigadeleiar valte då å trekkja mannskapane ut.

– Røykdykkarar melde om at huset byrja bevega på seg. Då valde eg å avslutta innsatsen i huset, og me gjekk me over til utvendig sløkking.

Brigadeleder Tom Berentsen

BRIGADELEIAR: Tom Berentsen i Bergen brannvesen kalla røykdykkarane ut av det samanrasa huset då bygget starta røra på seg. – Me hadde kontroll, men eg valde å trekka ut dykkarane.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eit mareritt

I Østre Skostredet ligg det fleire små butikkar, restaurantar og utestader på rekke og rad Lisa Story driv ein bruktbutikk rett bak huset der brannen oppstod.

I natt kunne ho berre stå og sjå på at butikken hennar fekk store røyk- og vasskadar.

– Det er heilt forferdeleg. Eg er så hjelpelaus, for eg får lov å ikkje koma bort. No har eg berre lyst å koma inn og sjå. Taksteinane fell og fell og eg ser taket er vekke. Dette er verkeleg eit mareritt, sa Story til NRK i natt.

Lisa Story

FORTVILA: Lisa Story driv ein bruktbutikk og eit studio i Østre Skostredet. Butikken er røyk- og vasskadd. – Det er heilt forferdeleg.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

I sju år har Story drive butikken, som altså ligg midt i brannsmitteområdet i Bergen sentrum.

Brannmannskap frå hovudbrannstasjonen var på staden fem minutt etter at alarmen gjekk klokka 23.40 måndag kveld. Utover tysdag morgon og føremiddag vil kjølingsarbeidet halda fram i Bergen sentrum.

Frå 1700-talet

Frantz-Caspar Moldenhauer eig bygningen. Tysdag morgon er han på veg ned til brannstaden. Han kjenner ikkje til skadeomfanget.

– Bygningen er frå 1700-talet. Deler av bygget er originalt.

Moldenhauer har eigd bygget sidan 1994. I mange år har samlarhuset Frimerkehuset halde til i bygningen. For to år sidan vart verksemda flytta til Nipedalen.

– Det er eg sjeleglad for i dag.