Hopp til innhold

Brann enda sigersrekkja: – Eg set hus og bil på at Brann rykker opp

Brann enda rekordrekkja med sigrar i serien sundag, men opprykket er uansett så godt som i boks, meiner fotballekspert Carl-Erik Torp.

Brann-Stabekk2

UTLIKNING: Bård Finne skåra 1-1-målet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Resultata talar for seg sjølv. Så solide og til å stola på har aldri Brann vore så lenge eg kan hugsa, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Ni kampar. Så lenge gjekk det før Brann igjen gav bort poeng i serien denne sesongen, etter to uavgjortkampar på heimebane tidleg i sesongen. Det er rekord for Sportsklubben.

I ein jamn fyrsteomgang fekk Stabæks Gift Emmanuel Orban snike ballen bak Brann-keeper Mathias Dyngeland like før pause. Brann stonga og stonga, men ikkje før ti minutt før slutt fekk Bård Finne utlikna. Uavgjort på Stadion, for tredje gong i sesongen.

Brann-Stabekk2

Brann stonga mot Stabæk-forsvaret i andre omgang.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Brann leier framleis 1. divisjon etter sesongens tredje uavgjort. Med 36 poeng har dei no ni poeng ned til tabelltoar Stabæk.

Før sesongen var Carl-Erik Torp blant dei som ikkje var sikre på at årets sesong i 1. divisjon kom til å bli lett for Brann.

Uavhengig av dagens uavgjort; no er han heilt sikker på at Brann vil rykka opp.

– Eg set hus og bil på at Brann rykker opp. Dei er rett og slett så gode, seier Torp.

Carl-Erik Torp

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp spelte sjølv i Brann i 2011.

Foto: Julia Marie Naglestad

– Me hadde fortent meir

Ruben Kristiansen vart kåra til banens beste etter ein nær feilfri andreomgang. Han var flytta ut på backen att denne kampen, etter å ha spelt stoppar den siste tida. Brann gjorde og endringar ved å starta med Fredrik Pallesen Knudsen og Felix Horn Myhre i forsvarsfiraren.

Kristiansen trur ikkje bytinga i forsvaret var det som gjorde at Brann delte poenga med Stabæk.

– Me har miksa før og det har gått veldig fint, til dømes heime mot Fredrikstad. Me er mange gode spelarar, seier backen.

I staden meiner han det er god motstand og den intensive kampperioden Brann har vore inne i som er årsaka. I tillegg var ikkje marginane heilt på Sportsklubbens side.

– Eg synest me hadde fortent meir.

– No gjer me oss klare til å angripa Raufoss neste måndag. Me bekymrer oss ikkje etter å ha spelt uavgjort, seier backen.

Brann-Stabekk2

Ruben Kristiansen vart kåra til banens beste.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Også trenar Eirik Horneland meiner Brann hadde fortent å få med seg meir enn tre poeng.

– Det var ikkje ein jamnspelt kamp. Det dumme var at dei fekk eit mål rett før pause, så blir det slik at me angrip og dei forsvarar det dei fekk, seier Horneland.

Også han avviser at byttene var årsaka til 1-1-resultatet, og minnar om at Fredrikstad-kampen i cupen med dei same byttene enda 6-0.

– Summen av det heile er at me har 36 poeng etter 14 kampar. Me har kvilt troppen godt, og mange føler dei har teke del i det. Då må me ikkje stilla spørsmål ved ein omgang. Me må evna å sjå ein heil sesong, seier Horneland.

Eirik Horneland

Trenar Eirik Horneland poengterer at Brann har fått kloa i sju poeng på seks dagar.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Imponert over omstillinga

Poengrekorden til AaFK i 1. divisjon frå 2019 kan og vera innan rekkevidd, meiner Torp. Dei tok 79 poeng av 90 mogelege. Før dagens kamp hadde Brann mogelegheit til å ta 86 poeng, og kunne altså tolt to tap eller tre uavgjort og framleis ta rekord.

– Eg ser ikkje noko urealistisk i at Brann kan ta poengrekorden, den lever farleg. Brann kan gå gjennom resten av sesongen og vinna alle kampane, sa Torp før sundagens kamp.

Brann-Stabekk2

Brann selde 10066 billettar til dagens kamp på Stadion.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Frå Brann sitt svært ustabile år i fjor, er Torp mest imponert over at sportsklubben har greidd å omstilla seg heilt i løpet av ein vinter.

– Slik det ser ut utanfrå ser det ut til å vera veldig god harmoni i klubben. Spesielt til å vera Brann, men og andre klubbar. No er det krefter rundt om kring i klubben som alle dreg i same retning, seier Torp.

– Det er ikkje berre noko ein kan rekna med. Det er ein prestasjon, sjølv om det er i 1. divisjon og dei har ein stor klubb i ryggen.