Hopp til innhold

Bondelaget ber deg boikotte prisdumpa mat

– Matvarer der prisen er dumpa kraftig bør boikottast av forbrukarane. Oppmodinga kjem frå leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Anders Felde

BER OM DI HJELP: Anders Felde i Bondelaget ber forbrukarane om ei hjelpande hand i kampen mot prisdumping på mat.

Foto: Bård Siem / NRK

Som ein del av konkurransen mellom matvarekjedene blir enkelte norske matvarer selt til kraftig underpris.

Felde meiner respekten for norsk mat blir redusert på grunn av dette, og ber deg som forbrukar om å boikotte den billegaste maten.

– Ikkje kjøp varene som er prisdumpa, vent heller med å kjøpe dei til prisen er gått opp att, seier han.

Julekaker og marsipan til 1 krone

Daglegvarekjedene tapar store pengar i desember i samband med at dei typiske julevarene blir selde for nesten ingenting.

Om du har vore i butikken i det siste har du sikkert lagt merke til både peparkaker og marsipan til 1 krone. Også julepølser og flesk er blant tinga det har vore mogleg å kjøpe for ein slikk og ingenting.

Frå fellesfjøsen på Byrkjelo registrerer bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane det som skjer. No håpar han at bøndene kan få forbrukarane med på laget for å snu det han meiner er ein negativ trend.

– Det er kanskje å håpe på for mykje, men det er svært lite anna vi kan håpe på no. Hadde vi fått forbrukarane med på laget hadde det vore veldig viktig, seier han.

Ministeren: – Veldig bra

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp)

VELDIG BRA: – Vi nærmar oss jul, og for meg er det viktig at desse prisane gir folk som vanlegvis ikkje har så mykje å rutte med høve til å skaffe seg litt ekstra julekos, seier landbruksminister Sylvi Listhaug.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det er den beinharde konkurransen om kundane som gjer at prisane på enkelte matvarer går kraftig ned desse vekene.

Sjølv om fleire reagerer og meiner dette er ein bevisst strategi for å lokke kundane til butikkane, jublar landbruks- og matministeren.

– Det er veldig bra med den sterke konkurransen på daglegvareprisar som vi ser i marknaden no, har ho tidlegare uttalt til NRK.no.

Også administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, meiner det er sunt med konkurranse. Han vedgår samtidig at prisdumpinga har gått for langt.

– Det beste hadde vore ein dette kunne vore litt meir balansert. Men det er ein konkurranse, og det er i utgangspunktet det som driv veksten og utviklinga, seier han.

Fryktar biletet prisdumpinga kan skape på sikt

Bondelagsleiar Anders Felde trur det blir svært viktig å få forbrukarane med på laget om dei skal overtyde kjedene om å få slutt på praksisen.

– Det vi ser no er heilt horribelt. Dette har ingenting med produksjonskostnadane og den stoltheita vi som bønder har over det vi lagar.

Felde likar svært dårleg at matvarekjedene har fått så stor makt over prisnivået. Konsekvensane kan bli svært uheldige for dei som lever for å skaffe mat på bordet.

– Vi fryktar det på sikt skal danne seg eit bilete av at maten er billegare enn den eigentlege kostnaden med å produsere den.