Hopp til innhold

Bonde gler seg over snø i mai

Snø og kulde i mai er gode nyheiter for nokre bønder. Og veldig dårlege nyheiter for andre. No kjem det meir.

Snø i mai

KALDT: Starten av mai har vore historisk kjølig, men for graset kan det love godt.

Foto: Merete Støfring

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eit gamalt ordtak seier at «mai kulde gjer bondens lader fulde». Det trur eg slår inn i år, seier Arnt Henning Leivdal, som driv mjølkebruk aust for Nordfjordeid.

Snøen lavar ned i store delar av landet, og verre skal det bli, varslar meteorologane.

I Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag blei det sendt ut gult farevarsel for mykje snø allereie sundag. Måndag fekk Hordaland og Rogaland det same varselet.

Men for bønder som treng gras til dyra, er ein kjølig vår midt i blinken. Graset veks jamnare og enga blir tettare. Og når det i tillegg er mykje nedbør, kan det bli solide avlingar.

Akkurat slik det gamle munnhellet om «bondens lader» gir løfte om.

Logikken er som følgjer: Varmt vêr tidleg i vekstsesongen gir rask skyting utan at graset veks noko særleg. Kjølig vêr derimot gjer at graset bruker tid og krefter på «buske» seg før skyting. Dermed får bonden meir å «legge i laden».

– Graset vil bli tjukt i rota, seier Leivdal, og smiler.

Rundt han er det enno kvite flekker rundt omkring på jordet.

– Ein må berre sjå positivt på det, for oss mjølkebønder er grasavlingane desidert viktigast.

Arnt Henning Leivdal

PROBLEMFRITT: Arnt Henning Leivdal trur kulden betalar seg i form av store mengder gras til sommaren.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Marerittet er frostnetter

Rune Vereide er rådgjevar hjå Norsk Landbruksrådgjeving. Han seier det er noko i det gamle munnhellet om at ein kald vår kan gi ein solid grasavling.

– Sjølv om graset ikkje veks raskt så vil ikkje det få skader av kulda. Kanskje blir slåtten litt seinare enn normalt, seier han.

Snø på epletrea

USIKRE TIDER: Snøen har pakka inn epletrea som her på Stårheim i Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men ikkje alle bøndene gler seg over vårkulda. Aller minst dei som driv med frukt og bær, korn og grønsaker.

Kornbøndene får ikkje sådd slik dei skal, medan bærbøndene treng insekt til å befrukte plantane. Og dei trivs dårleg i kulde og snø.

Alt snøvêret er difor «ingen ynskjesituasjon», seier Vereide.

– Det er lite bier, humler og andre insekt som er ute og arbeider for bøndene.

Dessutan går dei tidlege sortane snart mot avblomstring. Og om ikkje pollineringa alt har skjedd, er det vanskeleg å få god avling seinare.

– Enkelte stadar har temperaturen alt vore under 0 grader, det er litt tidleg å seie kor mykje skade det har gjort, seier Vereide.

Snø i mange netter framover

– Det vil kome meir snø enn det som kom i natt. Snø vil vi få mange netter framover, i alle fall til og med torsdag, kanskje også endå lenger dessverre, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Han har lite trøyst å kome med til bekymra bærbønder:

– Dessverre er det fare for nattefrost mange netter utover veka. Natt til onsdag er det fare for to til tre minusgrader.

Han kallar vêret for ekstraordinært:

– Vi har hatt snøvêr i mai før, men då gjerne ein eller to dagar, no strekk det seg opp mot ei veke. Ei så lang kuldeperiode med snø i mai må vi nok til historiebøkene for å finne.

SNØ: Hagar over heile landet ligg med kvitt dekke over seg.

KALDT: Mange har vakna til snø rundt husa sine.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK