Hopp til innhold

Bompengeselskap fekk millionbot – bilistar må ta rekninga

Bompengeselskapet Ferde fekk millionbot for å ha sendt rundt 20 millionar fotografi av bompasseringar ulovleg til Kina. – Ironisk og prinsipielt feil at dei råka bileigarane må betala bota.

Stor trafikk inn mot Bergen tidlig på morgenen da yrkessjåfører protesterer mot økning av bompengeavgiftene og gjennomfører en kjør-sakte-aksjon på innfartsveiene til Bergen onsdag morgen.

MÅ BETALA: Ferde krev mellom anna inn bompengar her på E39 inn mot Bergen frå nord. Biletet er frå ein bompengeaksjon i 2017.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Viss du har køyrd gjennom ein bomstasjon i Vestland, Rogaland eller Agder, er det mest sannsynleg Ferde som driftar han.

Det er dei tre fylkeskommunane sitt felles bompengeselskap.

Når bilar utan bompengebrikke passerer bomstasjonar, blir bilnummerskilta fotografert automatisk. I dei tilfella der fotografiet ikkje kan lesast digitalt, må bildet analyserast manuelt.

I fleire år let Ferde arbeidskraft i Kina identifisera kven som då skulle få tilsendt rekning for bompasseringane.

Fekk bot frå Datatilsynet

I oktober i fjor avslørte NRK at bomselskapet Ferde sende millionar av bilete frå norske bompasseringar til Kina mellom 2017 og 2019.

Datatilsynet gjekk inn i saka etter oppslaget. Og i slutten av september i år fekk bomselskapet ei bot på 5 millionar kroner for brot på personvernregelverket.

Bilskilt

PERSONVERN: At slike fotografi vart sende ut av landet er bakgrunnen for at bompengeselskapet fekk bot.

Foto: Ferde

For opplysningar om kven som har vore kvar og til kva tid, kan ikkje sendast ut av landet på denne måten heilt utan vidare.

Det råkar nemleg personvernet til bileigarane å dela denne informasjonen. For fotografia identifiserer kva tid kvar enkelt bil har passert bestemte norske bomstasjonar.

Ifølge vedtaket til Datatilsynet var det per år snakk om manuell databehandling av 10 millionar fotografi i Kina. 2,5 millionar av desse trong i tillegg oppfølgingsbehandling.

– Bompengar er inntektsgrunnlaget

Ferde godtok bota i oktober.

– Det er eit gebyr for brot på personregelverket. Det var manglande databehandlaravtale og manglande risikovurdering, seier kommunikasjonssjef Marit Husa i Ferde.

Ho seier at utgiftene til bota blir ført som ein driftskostnad.

– Betyr det i praksis at bota blir dekka ved å ta inn beløpet som bompengar?

Marit Husa, kommunikasjonsdirektør i Ferde

BOT = DRIFTSKOSTNAD: Kommunikasjonsdirektør Marit Husa i Ferde seier at bøter blir behandla som andre driftskostnadar i Ferde.

Foto: Ferde

– Ja, for bompengar er inntektsgrunnlaget til Ferde. Alle kostnadane i aksjeselskapet blir betalt med bompengar. Bota blir handtert på lik linje med andre driftskostnadar, seier Husa.

Ferde har no avvikla avtalen med selskapet i Kina, og den manuelle bileteanalysen blir i staden gjort internt i Ferde.

Medan rekninga for lovbrotet går til bilistar som kan ha fått personopplysningar om seg sjølv på avvege.

– Ja, dessverre. Ferde har ingen andre inntektskjelder enn bompengar. I praksis må bompengebilistane betala denne bota.

Det seier leiar Dan Femoen i kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune.

Han har ikkje noka meining om det at bilistane får rekninga.

– Dette handterer selskapet i tråd med reglane som gjeld der. Kontrollutvalets oppgåve er å sikra at selskapa vi har ansvar for held rutinane.

Dan Stian Femoen, leder i kontrollutvalget i Vestland

ALVORLEG: Leiar i kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune, Dan Femoen, meiner bota er alvorleg for selskapet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eigaren av Ferde bør betala

På grunn av denne saka har stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) sendt eit skriftleg spørsmål til samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap):

«Meiner Statsråden at dei som er utsett for straffbare forhold er dei same som skal betale bota til eit offentleg organ?» spør han.

Helge Andre Njåstad

MEINER FYLKESKOMMUNANE MÅ BETALA: Helge André Njåstad (Frp) meiner det blir feil at bileigarane må ta rekninga for det Ferde har gjort.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nygård har til no ikkje svart på spørsmålet.

Bota utgjer rett nok svært lite av Ferde si totale omsetjing på 3,4 milliardar kroner årleg. Dei fem millionar kronene tilsvarer berre vel ein halv dag med bompengeinnkrevjing.

Njåstad meiner likevel det er prinsipielt galt og eit stort paradoks at bileigarane må ta rekninga for lovbrotet som har råka dei.

– Det er jo veldig ironisk at dei som er offer i saka skal betala meir bompengar for at Ferde skal betala den bota. Det bør heller vera eigarane av Ferde som skal betale, altså dei tre fylkeskommunane, seier han til NRK.

På den måten blir det alle innbyggjarane i dei tre fylka som indirekte får rekninga, men Njåstad meiner det er ei betre løysing.

– Ferde må ordna dette på andre måtar enn å senda rekninga til bilistane.