Hopp til innhold

Bompengepartiet stemte på MDGs varaordførarkandidat

FNB låg an til å få eitt mandat i fylkesutvalet, men fekk to. Som ein gest tilbake, vraka FNB ordførar- og varaordførarkandidatane frå høgresida, og støtta kandidaten frå MDG.

Trym Aafløy i Vestland fylkesting

STEMTE PÅ MDG: Trym Aafløy på FNB-benken i fylkestinget.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kven som blei den første ordføraren og varaordføraren i nye Vestland fylke, har vore klart heilt sidan valveka.

Med 39 av 65 mandat blei Senterpartiet, MDG, Arbeidarpartiet, SV, Venstre og KrF einige om at Jon Askeland (Sp) skulle bli fylkesordførar, og at Natalia Golis (MDG) blei varaordførar.

Først i dag skulle politikarane i Vestland konstituere det nye fylkestinget. Som vanleg var det venta at høgresida ville fremme sine eigne kandidatar, men at desse ville få for få stemmer.

Flertallet i Vestland
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

FNB stemte på MDG

Men då Folkeaksjonen nei til meir bompengar skulle stemme, valde deira mandat å støtte forslaget frå venstresida, og gav tommelen opp til varaordførar Golis frå MDG.

Berre representantane frå Høgre, Framstegspartiet og Pensjonistpartiet stemte på Silja Ekeland Bjørkly (H) som fylkesordførar og Terje Søviknes (Frp) som fylkesvaraordførar.

– Vi låg i utgangspunktet an til å berre få ein representant i fylkesutvalet, som svarar til eit formannskap i fylkestinget. Så kom påtroppande fylkesordførar (Askeland, journ. anm) og tilbaud oss ein ekstra representant ved å delta i det som blir kalla eit avtaleval, seier Trym Aafløy.

Eit slikt avtaleval er ein måte å velje hele lister i staden for éin og éin representant, for å sikre fortgang i prosessen.

Fylkesordførar Askeland fortel at Aafløys skildring er ei sanning med modifikasjonar, men at samarbeidspartia av forskjellige årsaker takka nei til eit valteknisk samarbeid med Raudt.

Det har ført til at FNB, med sine seks mandat i fylkestinget fekk to representantar i fylkesutvalet, like mange som Senterpartiet fekk med ti representantar på fylkestinget.

Stemming i fylkestinget i Vestland

STEMTE: Her stemmer fylkestinget inn Jon Askeland (Sp) og Natalia Golis (MDG) som ordførar og varaordførar i Vestland fylke. Bak til Høgre viser Trym Aafløy og dei andre representantane frå FNB stemmeteikn ved å reise seg. Resten av høgresida sitt nede.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Gest og ingen avtale

Aafløy understrekar at dei ikkje har inngått nokon avtale med Sp, MDG eller dei andre sentrum-venstre-partia.

– Vi gjorde dette som ein gest. Vi har ikkje forplikta oss til noko, seier Aafløy.

Aafløy trur ikkje at deira støtte til MDG-Golis vil ha noko å seie for korleis FNB-veljarane ser på dei.

– Eg trur ikkje veljarane bryr seg om dette. Dei bryr seg om kva vi får utretta politisk. Vi går aldri på akkord med programmet vårt, seier Aafløy på telefon frå festmiddagen i Håkonshallen i anledning opninga av Vestland fylke.

Når NRK spør kva Aafløy tenkjer om at samarbeidspartia har inngått avtale om mellom anna å etablere kollektivfelt på innfartsårene til Bergen og sikre den bilbegrensande byvekstavtala mellom staten, fylket og kommunane, begynner Aafløy å få dårleg tid.

– Eg vil ikkje kommentere meir på dette. Eg er i Håkonshallen, og skulle svare kort kvifor vi stemte som vi gjorde.

– Men det er vel relevant kva desse partia har blitt einige om når de har stemt på deira kandidatar til ordførar og varaordførar?

– Nei, vi har sagt at vi støtter Askeland som fylkesordførar. Det ligg ikkje nokon politisk støtte i det. Det er det heller ingen som tvilar på.